|
Arbeidsplan og milepælar:
åren 2015 Oppstart av arbeidet innan sjømatnæringane
2018 Milepæl: evaluering av undervegsmål
2021 Milepæl: evaluering av undervegsmål
2025 Avslutning og evaluering av satsinga
|
Planlagde produksjonar og hendingar: Program Rekruttering og kompetanse
Prosjekt "Undervisningskonsesjon Sogn og Fjordane" starta i desember 2014, og vart sluttført våren 2017, då undervisningskonsesjon vart tildelt frå Fiskeridirektoratet. Prosjektleiar Lena Søderholm, Nærings- og kulturavdelinga.
Forprosjekt: "Prosjektering av nytt opplæringsfartøy" skal utarbeide økonomisk grunnlag for kostnader ved evnt. bygging av nytt opplæringsfartøy. Skal være sluttført hausten 2017. Prosjektleiar Frode Kupen, Opplæringsfartøy AS
Program Arealbruk
Oppstart av prosjektet "Opparbeiding av marine grunnkart" starta opp i 2015. Prosjektleiar Elisabeth Aune, Nærings- og kultuavdelinga. |
Koordinering, leiing og kvalitetssikring: Koordinator for satsinga Sjømatnæringane er Lena Søderholm.
Koordinator har ansvar for å koordinere og samordne dei ulike programma i satsinga.
Ansvarleg for program Arealbruk er Elisabeth Aune
Ansvarleg for program Rekruttering og kompetanse i sjømatnæringane er Lena Søderholm
For nærare informasjon om desse satsingane, så meny til høgre. |
Spesielle omsyn og kritiske suksessfaktorar: At medlem i arbeidsgruppene får tilstrekkeleg kapasitet til å gjennomføre ulike tiltak.
Ein er heilt avhenging av eit god og tett samarbeide med dei ulike segmenta innan sjømatnæringane.
At ein maktar og tilpasse seg endringar som finn stad under gjennomføringa av tiltaka.
At ein får til ei god og fornuftig kopling mellom dei som jobber operativ og det politiske nivået i fylket, slik at alle føler ein spelar på lag i saker som er av politisk karakter. |
Framdrift og læring:
|
|
|
|
|
|
|
|