Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Tiltak Opne landskap


Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2006 > Opne landskap
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Mål og resultat

Mål:
Måldefinering og indikatorar:
Forventa effekt av resultata:
Resultat:
Artiklar, rapportar og rettleiingshefte som er utarbeidd av Opne landskap, samt anna relatert informasjon, ligg på Fylkesmannen si heimeside under landbruk, under Ope landskap/skjøtselstiltak.
 
Nokre tal og fakta frå arbeidet i Opne landskap
  • Opne landskap har starta opp eller medvirka til 96 ulike feltprosjekt i fylket
  • 63 av desse feltprosjekta er utsiktsrydding langs til saman vel 22 000 meter veg, fordelt på 16 kommunar
  • Resten av feltprosjekta er hovudsakleg utviklingsarbeid innan beitebruk
  • Prosjektleiaren har halde ca 50 foredrag både i og utanfor fylket
  • Prosjektleiaren har delteke på ca 100 synfaringar i fylket i samband med feltprosjekta og anna produsentrådgjeving
  • Opne landskap har utvikla metode og malar for utsiktsrydding langs veg, samt funne kostnad for utsiktsrydding langs veg
  • Opne landskap har utarbeidd fleire rettleiingshefte og anna informasjonsmateriale for skjøtselstiltak i kulturlandskapet
  • Interessa og engasjementet kring prosjektet har vore stor, og det er skapt forventningar til det vidare arbeidet i fylket
Framtidsutsikter for ope kulturlandskap
Noreg og Vestlandet har eit verdskjent landskap, men dette landskapet er i sterk attgroing. Viss Fosnes 2 Stryn me ikkje jobbar målretta mot attgroinga og legg til rette for eit aktivt og levande landbruk, ser me snart ikkje fjorden, fjella, breane og kulturlandskapet for berre tre.

Dersom Vestlandet også i framtida skal lokka turistar til regionen, er det heilt avgjerande med ein aktiv og samordna virkemiddelbruk som også i framtida sikrar eit ope og variert kulturlandskap her i vest.

Eit velhalde kulturlandskap på Vestlandet vil vera viktig for både fastbuande og for å få turistar inn til landet, og med reiselivsnæringa som Noregs størst veksande næring, bør det vera av stor nasjonal, økonomisk interesse. 

 
Sau og lam i GunvordalFor å kunna hindra attgroing og halda kulturlandskapet ope og velstelt, er det heilt avgjerande med eit aktivt og oppegåande landbruk, og då særskilt landbruksproduksjon basert på beitedyr.

Det er landbruket som er grunneigarane av dei store areala i landskapet rundt oss, og beitedyra er dei viktigaste landskapspleiarane våre. Gjennom husdyrhald vert innmarka beita og slått, kulturbeita og utmarka vert beita. Beitedyra held vegetasjonen og stiane i fjellet opne, og beitedyra er såleis også viktige med tanke på friluftslivsinteresser og vår mogelegheit til å nytta utmarka og fjellet som turterreng.

Mange raudlista plante-, insekt- og fugleartar er heilt avhengige av at landskapet vert slått og beita for at dei skal kunna eksistera.
(25.04.2008)

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Prosjekt Opne Landskap 2006-2008

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune