|
Mål: VISJON i Verdiskapingsplanen:
Sjømat frå Sogn og Fjordane skal kjennast att på høg kvalitet, og der vi gjennom alle ledd i verdikjeda har omsut for natur, miljø og dyrevelferd og har nytta best tilgjengeleg kompetanse og teknologi.
Hovudmål 1:
Auke verdiskapinga frå sjømatnæringane i verdiskjeda frå hav til bord.
Hovudmål 2:
Styrke tilgang til kompetanse og arbeidskraft
Hovudmål 3:
Auke ringverknadene frå sjømatnæringa i Sogn og Fjordane
|
Måldefinering og indikatorar:
Målindikator hovudmål 1:
Måle auke i slaktevolum, driftsresultat og sysselsettjing innan akvakultur.
Innan fiskeri og fiskeindustrien legg ein opp til auke i relativ del landingar (tonn og verdi) og oppretthalde sysselsettinga på dagens nivå.
Innan lite utnytta marine ressursar legg ein opp til auka slaktevolum innan oppdrettstorsk samt å etablere fleire lønsame verksemder fram til 2025.
Målindikator hovudmål 2 :
Søkjartal på vidaregåande skule "blå studieretning", etablere ein undervisningskonsesjon, stabilisere relativ del fiskarar i fylket.
Målindikator hovudmål 3 :
Auka aktivitet og verdiskaping innan verdikjeda sjømat. |
Forventa effekt av resultata:
Tiltaka er forventa å vidareutvikle sjømatnæringane i fylket. Gjennom arbeidet med Verdiskapingsplanen vil ein bidra til folketalsauke gjennom å utvikle spanande arbeidsplassar innan sjømatnæringane. |
Resultat:
Bidra til det samla målet for verdiskapingsarbeidet:
Overordna mål:
Årleg vekst i tal arbeidsplassar på 100 |
|
|
|
 |
|
 |
|