Språk:
RUP Norge - Regionale Utviklingsprosessar
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program Infrastrukturprogrammet


Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv Sogn og Fjordane > Infrastrukturprogrammet
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Mål og resultat

Mål:

Hovudmål 2: Auke i tal gjestedøgn

Tal gjestedøgn i Sogn og Fjordane skal auka til 2,3 mill gjestedøgn innan 2025. Dette svarar til kring 3% årleg vekst.

Tal gjestedøgn er ein parameter som er mykje brukt for å skildra status og utvikling av reiselivet. Tal gjestedøgn speglar alle reiselivsaktørane sitt arbeid i ei viss grad.

Når gjestedøgn blir teke med som parameter for eit hovudmål, så skuldast det at det tradisjonelt har vore gjestedøgn som fyrst og fremst representerar den statistiske historikken, og at det truleg er ein god positiv samanheng mellom tal gjestedøgn og omsetning i reiselivsnæringa.

Styrken til gjestedøgn som indikator, er at SSB har god service knytt til denne indikatoren for heile landet, at me har tal for gjestedøgn langt attende i tid, og at gjestedøgn også vert mykje nytta som indikator i andre land. Gjestedøgn skal kombinerast med parameter for verdiskaping og berekraft, for å gi eit meir komplett bilde av utviklinga.

Tilrådde delmål er:

  1. Auka turisme året rundt
  2. Større auke i norske turistar enn i utanlandske turistar

For å nå desse måla kan statistikk over t.d. tal turistar og opphaldstid vera viktige supplement, og grunnlag for eigne delmål og strategiske prosessar.

Delmål 2.1: Auka turisme heile året

Veksten i gjestedøgn skal skje ved at ¾ av veksten kjem i perioden oktober til april.

Grunngjevinga for denne fordelinga er at turismen i Sogn og Fjordane i dag primært skjer om sommaren, noko som ikkje støttar opp om ønsket om heilårs arbeidsplassar. Klarar ein å lukkast med haust, vinter og vårturisme, så vil det gi eit betre grunnlag for arbeidsplassar året rundt, og sterkare lokalsamfunn.

For å lukkast med auka heilårsturisme, må alle involverte aktørar i reiselivsnæringa bidra og samarbeida godt. Auka heilårsturisme, målt som auke i gjestedøgn, kan derfor vera eit egna fellesmål for heile reiselivsnæringa. Av ein stipulert total vekst på 907.000 gjestedøgn fram til 2025, vil veksten i perioden oktober til april svara til 662.000 gjestedøgn. Resten av veksten skal skje i perioden mai til september. Denne veksten vil svara til om lag 245.000 gjestedøgn, eller 27% av totalveksten.


Delmål 2.2 : Større auke i norske turistar enn i utanlandske turistar

Veksten i gjestedøgn skal skje ved 4% vekst i norske gjestedøgn og 2% vekst i utanlandske gjestedøgn.

Det er fleire grunnar til dette målet. Veksten i norske gjestedøgn har vore sterkare og jamnare enn veksten i utanlandske gjestedøgn etter 2001. Transport av norske turistar til Sogn og Fjordane er mindre skadeleg for klima enn transport av utanlandske, generelt sett. Satsinga på vinterturisme høver godt saman med ei relativ auka satsing på norske turistar.

Utfordringa for reiselivsnæringa vil alltid vera å få tak i dei rette turistane, i høve dei produkta eit område har å tilby, til lågast mogleg kostnad på ein berekraftig måte. Dette kan me truleg best oppnå ved ei auka satsing på dei norske turistane, både frå ferie/fritidsmarknaden og forretningsmarknaden (incentive / gruppe – og kurs/konferansemarknaden).

Måldefinering og indikatorar:
Forventa effekt av resultata:
Resultat:

Delprogram

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Prosjekt Tunsbergdalsbreen starta opp

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune