Kraftstasjonen i Måløy fekk tildelt kr 50.000 av program opplevingsnæringar i 2008 for utvikling av opplevingsnæringane i området.
Vågsøy Kommune slit med fråflytting, og ein av grunnane til at ungdom ikkje flytter tilbake er her er for få og for lite varierte møteplassar. Utfordringane er å skape eit spesielt miljø med musikk, kunst og kultur i fokus – og å bygge vidare på dette, slik at dette kan utviklast til noko heilt spesielt. Utfordringar vil være at vi som skal drive staden har vilje, skaparevne og oppfinnsomheit til å bruke tid på eit viktig prosjekt for kommunen.
Dei viktigaste aktivitetane vil bli det som vi klarer å skape over tid. Her vil eg bidra med den erfaringa eg har med å være med å inspirere til å gjere noko med dei talent som finnest, både i lokalsamfunnet og tilreisande elles.
Kraftstasjonen vil bli eit viktig samlingspunkt med tilbod som vi til no har mangla. Målet er at dette skal bli eit hus med musikk, kunst, kultur og god mat i sentrum.
Forventa effekt vil være å få fram kulturell og musikalsk verdiskaping i lokalsamfunnet.