Eit ”Fjord Ski Pass” er eit felles kort som skal kunne nyttast i alle alpinanlegga i fylket. Det vert registrert der kortet vert nytta og deretter vert det fordelt økonomisk på dei anlegga som kortet er nytta i.
Systemet er basert på eit felles billetteringssystem – og tek utgangspunkt i leverandøren SKIDATA, som har lang erfaring på dette området og kan vise til ein rekkje suksesshistoriar frå Mellom-Europa og elles i verda.
Dersom dette prosjektet kjem i gong vil det vere unikt i nasjonal samanheng. Pr. i dag finn ein ikkje eit billettsamarbeid i en så stor region som eit heilt fylke. I Alpane er dette meir vanleg der ein har utvikla system for felleskort i mange år. Resultata av slike samarbeidsmodellar er fleire:
• Meirsal i alle skianlegg
• Utvikling av regional identitet som reisemål
• Forsterka evne til produktpakking
• Forsterka kultur for kryssal og samhandling.
Prosjektet har som siktemål å foredle eksisterande opplevingar, og utvikle et rammeverk for regional produktutvikling vinterstid.
Prosjektet vil syte for ein sterkare synleggjering av vinterprodukter i Sogn og Fjordane vil auke mangfaldet av heilårlege reiselivstilbod lokalt og bidra til sesongforlenging
Skianlegga bidrar til lokal verdiskaping og tar i bruk lokale naturgjeve råvarer, og er i dette perspektivet i tråd med geoturismeprinsippa.
Gjennom prosjektet vil Sogn og Fjordane aktivt marknadsføre lokale særtrekk som arena for skibaserte opplevingar vinterstid.