Tjovura DA fekk kr 37.000 av program opplevingsnæringar av 2008-potten.
Tjovura er ei gigantisk steinur som har vorte til ved at fjellet ovanfor har rasa ut ein gong for lenge sidan. Inne mellom desse steinane, store som hus, er det mange spennande gangar, holer og formasjonar.
Her har vi tilrettelagt ei unik naturoppleving, urvandring, der vi bevegar oss rundt omkring i ura. Segna seier at det på 1700 talet var nokre tjuvar som gøymde seg i ura. Les meir i "Historien om tjuvane"
Ein tur i Tjovura for å prøve nokre av våre aktivitetar kan vere idear for skular, blåturar, utdrikkingslag osv.