Program Opplevingsnæringar har løyvd kr 80.000 til prosjektet, av 2008-potten.
Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr i samarbeid med Norsk Bygdeturisme og gardsmat (NBG), eit kurs i bygdeturisme for næringsutøvarar og andre interesserte. Vi har kalla kurset ein ”nasjonal utviklingspilot” som etterkvart kan bli eit tilbod i alle regionar i landet. Kurset gir 10 studiepoeng.
Føremål
Føremålet med kurset er at deltakarane skal vidareutvikla sin kompetanse innanfor fagfeltet gjennom å tilegna seg teoretisk kunnskap, reflektera over eiga næringsverksemd og praksis, og utveksle erfaringar med andre næringsutøvarar.
Samstundes vil også kurset vera nyttig og viktig for tilsette i offentleg forvaltning som arbeider med reiseliv og næringsutvikling.
Deltakarane skal få innsikt i utfordringar og problem i næringsutvikling og nyskaping innanfor bygdeturismen. Gjennom studiet får deltakaren utveksla erfaringar med andre næringsutøvarar.
3. samlingar
Kurset er lagt til 3 ulike stader i Sogn og Fjordane – Knutholmen as. i Kalvåg – Bremanger kommune, Jostedal Hotell as i Jostedal – Luster kommune og Fretheim Hotell as. i Flåm – Aurland kommune.
Dei to første er NBG-bedrifter som kan imot deltakarane på ein god måte, og som i tillegg vert nytta i undervisninga. Fretheim Hotell i Flåm har nær kontakt med mange av bygdeturisme- og gardsmatbedriftene i området og med Kompetansenavet for mat i Aurland, som kurset vil samarbeida med.
Kva kostar kurset ?Kursavgifta er kr 4 950,- . Det dekkjer all undervisning, rettleiing på arbeidskrav, sensur og eksamensavgift. Kvar deltakar dekkjer eigne kostnader med reise og opphald. Vi arbeider med å få til gunstige prisar i samband med opphaldet på dei ulike kursbolkane. Kurset er ope for deltakarar over heile landet.
OpptakskravOpptakskravet er generell studiekompetanse eller realkompetanse, og du må senda inn dokumentasjon på dette. Har du ikkje studiekompetanse, legg du ved ein enkel CV som er stadfesta av siste arbeidsgjevar.
PåmeldingInnan 12. desember 2008 på
elektronisk skjema.
Dokumentasjon på studiekompetanse/realkompetanse må sendast til HSF Oppdrag, Postboks 133, 6851 Sogndal
SpørsmålTa kontakt med: Anders Fitje 57 67 63 19 ev. Roar Werner Vangsnes 906 29 730
Praktiske spørsmål om påmelding/opptak: Send e-post til
hsfoppdrag@hisf.no