Aurland Næringshage vart formelt stifta som aksjeselskap den 13 september 2007. Næringshagen held til i Fjordsenteret på Ohnstad. Tilbodet er under oppbyggjing.
Næringshagen sitt føremål er å vera utviklar for og koordinator av samlokalisering og samarbeid mellom bedrifter i Aurlandsområdet.
Ein skal innanfor ramma av bedriftsøkonomiske prinsipp mellom anna legge til rette for at høgt utdanna ungdom kan utføre yrket sitt i området.
Vidare skal vi bidra til at lokalt næringsliv får tilgang til kompetanse gjennom å bygge opp eit større fagleg og sosialt miljø for innovasjon og grunderverksemd. Næringshagen samarbeider tett med Nærøyfjorden Verdsarvpark.