Visit Sognefjord søkte om kr. 135 000 i tilskot til å styrkja arrangementa sin posisjon som del av den totale opplevingsnæringa. Dei fekk tildelt kr 100.000.
Hovudelementa i prosjektet er å samla informasjon om arrangement og samordna publiseringa av ulike arrangement. Dette inneber mellom anna ein oppgradering av nettportalen
www.sognefjord.no Prosjektet er ein lekk i auka satsing mot den norske marknaden.
Arrangement i SognDet vert årleg gjennomført mange store arrangement med stor opplevingsverdi både for turistar og for innbyggjarane i regionen, denne lista er ikkje uttømmande:
o Kjeringi Open
o Balejazz
o Gammalostfestival
o Nasjonalparkfestival
o Lærdalsmarknaden
o Åreleiken
o Boknatta
o Jotunheimen rundt
o Målrock
o Vikingmarknad
o Fjellfilm-festival
o Fanaraaken Duatlom
o Sognefjord Swim Festival
o Blåtonar Festival
o Smak sakte Festival
o Nynorske Litteraturdagar
Liste over store og små arrangement med linkar vert i dag lagt ut på
www.sognefjord.no Denne lista er likevel ikkje komplett og det må gjerast ein jobb for å kartleggja arrangement gjennom heile året.
Kvar dag heile året er det arrangement i dei fleste bygdene. I tillegg må det gjerast ein jobb i høve til å sikra at informasjon som er tilgjengeleg på
www.sognefjord.no vert oppdatert og gjort kjent gjennom aktuelle kommunikasjonskanalar.
Arrangement – organisering og verdiskaping
Arrangementa er organiserte på mange ulike måtar. Nokre er eigne selskap, andre er ein aktivitet i eit lag eller organisasjon og nokre er offentlege arrangement. Nokre arrangement er kommersielle, andre er avhengige av offentleg støtte. Felles for alle er at dei er krevjande med mykje frivillig innsats.
Arrangementa er i liten grad samordna reint organisatorisk. Arrangementa har eigne rekneskap, men desse omfattar naturlegvis ikkje den omsetninga som skjer innan handel, servering, overnatting og transport. Slik omsetning er likevel den som har størst omfang. På sikt kan det vera interessant å sjå på økonomiske ringverknader av arrangement i regionen.
PubliseringsløysingarHer er nokre døme (ikkje uttømmande) på publiseringsløysingar som er vanlege i dag:
o Sognefjord.no
o Andre regionale nettportalar
o Eigne nettsider
o Kommunale nettsider
o Annonsar
o Arrangementsavisar
o Redaksjonell omtale
o Program
o DM
o Plakatar
I 2006 deltok Visit Sognefjord i Norgeskampanjen i regi av Innovasjon Norge. Sogn Regionråd støtta opp med kr. 50 000 med føremål å marknadsføra arrangement – på nett, fellesannonsar i magasin + 3 spesialannonsar i Aftenposten. Dette vert vidareført i år. Sett vekk i frå nettportalen
www.sognefjord.no er det i dag liten grad av samordning av informasjon og publisering av arrangement.