Aurefiske
Vi har sidan 1998 jobba med innlandsfiske etter aure som ei opplevingsnæring. I dette arbeidet har vi brukt mange ”reiskapar” – arrangement er eitt av dei: Aurefiskefest i Sunnfjord vert i år arrangert for 9. gong.
Vi har arrangert eit uttal Landskampar, Noregscupar, Noregsmeisterskap og eit VM for juniorar. Dette skal no ”kronast” med eit EM for seniorar.
Vi ser og at det gjev resultat: Norsk Fiskesenter på Vassenden tilbyr høgkvalitets flugefiske for grupper. Dei tilhøyrer Reisemål Sunnfjord si ”gullrekke” i Jølster når vi arrangerer våre events.
Lokal mat på menyen 2007
Deltakarane som kjem skal ete lunsj rundt om hos verksemder i nærleiken av der dei fiskar. Dette er på følgande plassar:
· Sande Kro og Hotell AS, Sande
· Nedrestrand Gard, Hestadgrend
· Eldalstunet, Viksdalen
· Jølstringen Kafe, Vassenden
· Bondens Marked, Førde.
I samarbeid med Bondens Marked har desse verksemdene gått inn i eit forpliktande samarbeid for å levere lunsj basert på lokale råvarer og tradisjon. Dei skal/har vore gjennom kursing, ma med Kari Støfringsdal og Hanne Frostad. Vi gjer dette tiltaket for å gje dei som kjem hit ei spesiell oppleving, samstundes brukar vi det til produktutvikling på matsida. Også tilreisande presse vil få oppleve maten.
Anna info EMGrunneigarane får betaling for fiskekort og båtleige. Fire grunneigarar er medarrangørar av EM, og kan få inntekter av overskotet av arrangementet. Avtalen er 4/6 deler av overskotet. To klassar ved Mo og Jølster skal nytte arrangementet som prosjekt. Dei skal hjelpe til med førebuing og gjennomføring av arrangementet, mellom anna som kontrollørar under sjølve fiskekonkurransen. Det er ein føresetnad at dette skal honorerast med eit økonomisk bidrag til dekking av utgifter med prosjektet og ein skuletur etter fullført oppdrag. EM gjev eit unikt høve til marknadsføring av Sogn og Fjordane.
Pressestoff vert formidla til alle deltakande land, 20 nasjonar. Dette vil skje til lokale media, og ikkje minst til store nisjemagasin, som samla når ut til millionar av fiskeinteresserte europearar. Til arrangementet vil dei invitera journalistar frå nisjemagasin, men også reiselivsjournalistar generelt til arrangementet.
Det er bli laga ei eiga nettside for EM, for påmelding og anna informasjon. På denne sida vil det bli linkar til andre fisketilbod i Sogn og Fjordane. Sjå
www.effc.no Det vil bli seremoniar og bankettar, og til desse vil det bli invitert ein god del gjester.