Prosjektinnhald
Me har kartlagt aktivitetane som finns i midtre Sogn i dag, og ser på aktuelle satsingsområde. Har vore i kontakt med fleire som har idear og ynskjer å starte opp aktivitetar, desse vil me hjelpe og samarbeide med.
Prosjektet inneheld og dei guida tilboda som finns i dag, med fjellvandring, kulturvandring. Brevandring, kajakkpadling m.m., og det vert arbeida med å vidareutvikle koplinga mellom kulturminne og formidling.
Det skal produserast ein samla opplevingsmeny. Ein meny som kan hjelpe turoperatørar, grupper og individuelt reisande å finne aktivitetstilboda som finns i området. Spesielt vil me leggja vekt på å ha ein meny som også kan nyttast til kurs og konferanse pakkar, eit tilbod som kan tilby ein aktivitet og ta eit oppdrag
Ut i naturen og i kulturen
Nokre av dei konkrete tiltaka som skal inkluderast i prosjektet er Moreld sin aktivitet i Balestrand – guida kajakkturar i Esefjorden og på kajakkpadling i Fjærlandsfjorden. Dei ynskjer å utvida tilbodet til å omfatte kajakktur for eks. langs med kunstbygda Balestrand og lage pakkar og opplevingar på dette.Ynskjer og å utvikle samarbeidet med fjellguidegruppa i Balestrand for utviding av tilboda i Balestrandfjella.
Sogn Adventure i Vik har tilbod med kajakkturar og fjellturar og ynskjer å samarbeide og utvikle konseptet sitt. I Balestrand og Vik er det etablerte kulturvandringar. Balestrand med sine arkitektoniske kunstnarvillaer og kulturmiljø , og Vik med Strandsitjarmiljøet, produksjon av kultursmykke og kyrkjene.
På Vangsnes vil ein utvikle det historiske musikkspelet – Fridtjov og Ingeborg. Omkring og i samarbeid med dette prosjektet vil ein satse på eit aktivitetsprogram i Fridtjovparken knytta til dette arrangementet. I tillegg satse på utvikling av småspel rundt om i bygdene.
Produktområda det skal satsast på – natur og kulturopplevelsar.
- Fjellvandring - Fjellturar med ulik vanskegrad
- Kulturvandring - Kulturopplevelsar med formidling av historie, kultur og kunstnarliv før og no.
- Hage /Gards /Parkvandring - med innlagt smaksopplevingar
- Fjord / Fjellrundreise med buss – sightseeing / ekskursjonsutflukt
- Fjord & Fisketurar - fisketurar i småbåtar ,småutflukter.
- Fjordcruise – fjordekskursjon og tilbod med meir fart ( fjordrafting )
- ”Driverguide ” – ekskursjonstur i småbil , gruppe på 2-4 pers.
- Skreddersydd opplegg - kunden har eit eige ynskje vi skal sy saman.
Utviklingsområde – aktivitetar åleine eller i komb.med vandre / fjordturar.
- Fjordmat – smaksopplevingar frå fjorden
- Kunstopplevingar
- Fiske - fangstopplevingar
- Vikingmat
- Fjordsafari, sjøaktivitetar
- Historiske musikkspel, f.eks. Fridtjov og Ingeborg
- Fugleliv, botanisk
- Hytte og stølsopplevingar
- Eple og citersmaking
- Fjordaktivitetar
7. Kompetanseutvikling - opplæring
Setje fokus på opplæring og kompetanse. Samarbeide med høgskulen i Sogndal. Opplæring av ressurspersonar for natur – og kulturguiding i samarbeid med Voss og Fjordane Guideservice.
Kompetanseutvikling gjennom samarbeid ved Norsk Hotellhøgskule – nasjonal guide og reiseleiarutdanning , kulturhistorie m.m.
Viss mogleg etablere natur og - kulturverkstad i samarbeid med sterkt faglege natur og kulturressurspersonar.
Målretta marknadsføring
Aktiv marknadsføring gjennom Sognefjord Reiseliv, Visit Sognefjord og Fjord Norge sine marknadskanalar , salspublikasjonar og salsreiser.
Marknadsførast på Visit Sognefjord sin internettportal
www.sognefjord.no og regionen sine eigne heimesider.
Målgrupper er gruppereiser, turoperatørar, individuelle, kurs og konferanse, temareiser.
Framover er det viktig å få marknadsført aktivitetane og tiltaka som finns i regionen, slik at det kan hentast ekstra gjestedøgn. Dette vil og gi overrisslingseffekt til andre næringsbedrifter i bygdene.
Ved utvikling av konseptet og målretta marknadsføring , vil det gi gode utsikter for å dra med seg andre aktivitetar og koplinga mot dei ulike arrangementa som finns i området. På denne måten gi eit felles løft for aktivitetar, sport , reiseliv og kulturen i dette unike området. Det skal produserast ein eigen folder / publikasjonsverktøy for det komplette aktivitetstilbod.
Erfaring med aktivitetar i naturen og kulturen
Det har vore arbeida mykje med å få auke aktivitetane i dette området. I fleire år har administrasjonen i SRBA engasjert seg og prøvt å skape glød og interesse for slike tiltak i nærmiljøet. Har god erfaring med dei enkle tiltaka som har vore prøvt ut. Vil no gjere eit løft og ei spissing og få fram gode idear og tiltaksutvikling i regionen.