Prosjektet søkte om kr 200.000 og fekk tildelt kr 200.000.
Prosjektsøknaden er ei oppfølging frå tildelinga i 2006. Les meir om prosjektet
HER
Prosjektet fekk kr 200.000 av program opplevingsnæringar i 2006, men søkte om kr 400.000. Det totale budsjettet er på kr 3.462.000. Programstyret viste i 2006 til at ein ville vurdera ny finansiering i 2007.
Kvernsteinsparken representerar eit større produksjonsareal for kvernstein, med produksjon 1000 år attende i tid, med nye bygningar og ulike nye fasilitetar. Det andre prosjektet er eit handverksprosjekt, som eit samarbeid, mellom Norsk Handverksutvikling og Åfjordstein AS, for å spore teknikkar, reiskapstypar og handverk i den eldste produksjonsmåten, og dokumentera dette.
Liknande prosjekt?
Det vert lagt stor vekt på å formidle handlingsboren kunnskap. Historia vert opplevd gjennom alle sansar: lukt, lyd, handtverk, smak. Stikkordet er deltaking – for dei som vil delta! Elles vert det guiding i tradisjonell forstand for dei som ynskjer det.
Mange formidlar historie gjennom historiske spel som vert sett opp ein eller fleire gonger. Publikum er framleis tilskodarar og skjeldan deltakarar. Det vert elles vist til innslaget i Norge Rundt 25. mai, der elevar frå Hyllestad skule presenterte kvernsteinshistoria gjennom sitt undervisningsopplegg. Næringskonseptet er bygd på same lesten.