Ein næringshage er ei samlokalisering av små, kunnskapsintensive virksomheiter som byggjer opp eil profesjonelt, faglig og sosialt miljø som skal stimulere bedriftene til vekst. Ved kvar næringshage etablerast det eit utviklingsselskap som tek seg av fellesoppgåver for bedriftene, profilering, nettverksbyggjing og tiltak for kompetanseheving.
Bakgrunn for etablering
Flora kommune er definert som omstillingskommune og skipinga av næringshagen er eit viktig verktøy for å skape ny næringsutvikling i kommunen. Ein av hovudideane bak etableringa av Flora Næringshage er å bidra til ny vekst og knoppskyting mellom anna med utgangspunkt i det unike havbruksmiljøet i Flora.
Status FNH
Flora Næringshage vart etablert i mai 2004. Ved inngangen til 2006 er det innleigd 3.324 m2 kontorlokale, fordelt på 3 lokalitetar i Florø; Hestenesgata 4 og Strandgata 15 i Florø sentrum og den maritime næringshagen på Trolleskjæret i Gunhildvågen. Det er etablert 29 bedrifter i Flora Næringshage med til saman 98 tilsette. Det er etablert gode nettverk m.a. mot SIVA, Innovasjon Norge, andre næringshagar, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Bedriftsnettverket o.a.
Visjon
Gjennom Flora Næringshage skal det skapast utvikling og vekst i fellesskapen mellom bedrifter og menneske, ideutveksling og kreativitet.
Mål
For å nå det overordna målet om omstilling og auka sysselsetting i Flora må ein samarbeide tett med omstillingsselskapet Sunnfjord 2020 (S2020) og det kommunale næringsselskapet KF Flora Hamn og Næring (FHN).