NB! Fylkeskommunen yter ikkje tilskot til Sogn Næringshage. Men, Sogn Næringshage er likevel ein næringshage, som ein bør vita om. Derfor er Sogn Næringshage teken med i denne oversikten.
Grunntanken er å samlokalisere verksemder som driv innanfor kunnskapsintensive næringar og leggje tilrette for at slike næringar skal kunne veksa fram i Årdal og regionen.
Me skal senka terskelen for å starte ny verksemd gjennom å samle kompetanse på dette i eit ope miljø der fleire profesjonar arbeider saman. Dette skal og danne grunnlag for knoppskyting som igjen fører til fleire arbeidsplassar i lokalmiljøet.
Sogn Næringshage skal aktivt skapa eit miljø som trekk til seg kompetanse som me ikkje har i dag, men som vil styrkje lokalt arbeis -og næringsliv.
Sogn Næringshage skal vere eit levande miljø som trekk til seg folk med høgare utdanning, gründerar og teknologisk kompetanse.
Målsetjinga er at dette og skal vera eit "samfunnsentrepenørskap" for å få utflytte årdøler heimatt.
Sogn Næringshage vart skipa i 1999 på bakgrunn av eit ynskje frå fleire lokale verksemder som vil ha eit arbeidsmiljø med ein variert samansetnad av profesjonar og tilgang til fleksible kontorløysingar både med omsyn til tid og fasilitetar.
Sogn Næringshage er eit aksjeselskap, der nokre av aksjeeigarane er representantar i styret.
Sogn Næringshage as har lokaler i 2. høgda i det same lokalet som Bohus har butikk.
Fagmiljø og samarbeid mellom verksemdene er viktige suksessfaktorar i næringshagen. Vi vil gjennomføre møter med alle leigetakarane med jamne mellomrom for å bygge opp eit felles fagmiljø og skape ein samarbeidsarena. Nokre av verksemdene har allereie inngått samarbeid om større eller mindre prosjekt.
Næringshagen skal vere ein open og trygg arena for uformelt samarbeid der fagleg og personleg nettverk kan byggast.