Sandane Næringshage AS (SNH) er eit drifts- og utviklingsselskap som huser fleire kunnskapsbaserte bedrifter under samme tak. Eit slikt fellesskap gjer det lettare å samarbeide, dele erfaringar og bidrar til kompetanseheving bedriftene i mellom og til kostnadseffektivitet for den enkelte.
Innovasjon er ei viktig drivkraft innan den økonomiske utviklinga, og dette gjenspeglar seg i nye forretningsmoglegheiter som skiftar frå ressursbasert økonomi til leiing og bruk av kunnskap.
Sandane Næringshage kan tilby deg:
-
Nye og moderne lokale i sentrum med fantastisk utsikt
-
Felles sentralbord, resepsjon og tekn. utstyr
-
Kurs- og konferanselokale
-
Videokonferanseutstyr, multimedierom
-
Etablerarveiledning
-
Kompetanseheving
-
Lønnsomt nettverk
-
Godt fagleg og sosialt miljø
-
Felles marknadsføringstiltak
-
10 min. frå flyplass, sentralt i fylket
Formålet vårt er å skapa framtidsretta og konkurransedyktige små og mellomstore bedrifter i distriktet. Vi legg til rette for utvikling og vekst for den einskilde verksemda i SNH og for samarbeid mellom dei. Vi legg også til rette for samarbeid med lokalt/regionalt næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre næringslivsrelaterte organisasjonar.