|
Tiltak
Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Næringshagar > Stryn Næringshage
|
|
|
|
ID:
735
|
Akronym:
Stryn Næringshage
|
Tittel:
Stryn Næringshage
|
|
Heimeside:
http://www.stryn-nh.no/
|
Bakgrunn og utfordringar:
Stryn Næringshage er innstilt på å ta på seg rolla som sentral utviklingsaktør for lokalt næringsliv, og legg stor vekt på samspel med både næringsliv, kommune og det nettverket vi skal byggje opp for å lukkast i denne rolla.
Utviklingsmiljø Stryn er ei distriktskommune med mange av dei vanlege kjenneteikn. Det som likevel skil Stryn frå andre samanliknbare kommunar, er ein svært variert næringsstruktur med reiseliv, industri og landbruk som hovudnæringar.
SNH tek utgangspunkt i eit sterkt reiseliv og eit oppegåande næringsliv. Valet av desse har sin bakgrunn i følgjande:
- Klåre utviklingspotensiale innan begge desse områda
- Næringslivet treng tilgang på kompetanse for å vidareutvikle seg
- Mogeleg økonomisk inntening for næringshagen
Etablering av fagleg og sosialt miljø er ein av grunntankane bak næringshagane. For SNH er det naturleg å bygge utviklingsmiljøet opp rundt dei verksemdene som er aktive innan reiselivet og innan tenestetilbod generelt for næringslivet. I tillegg ser vi ein pågåande tendens i lokalt næringsliv til etablering av delar av organisasjonen utanfor bedrifta og outsourcing av oppgåver. Stryn Næringshage skal være eit samlingspunkt for slike funksjonar.
Utviklingsmiljøa er difor definert i følgjande fokusområde: Reiseliv, Rådgivingsmiljø og Fagmiljø
Kundegruppene Dei viktigaste kundegruppene for næringshagekonseptet er følgjande:
- Bedriftene i næringshagen - dei viktigaste kundane
- Aktørar som ønskjer å etablere seg i eit fagleg og sosialt miljø
- Fjernarbeids-/telependlar og ungdom i studie-/etableringsfase
- Etablerarar som ønskjer inkubator/forretningsutvikling
- Aktørar som ønskjer å leige kontor på kort basis - kontor/prosjekthotell
- Bedriftene utanfor næringshagen - aktuelle samarbeidspartnarar/outsourcing
- Andre aktørar som ønskjer å delta i prosjekt t.d. SND, HSF, Vestlandsforsking o.a.
- Bedrifter næringshagenettet - potensiale for samarbeid
- Andre næringshageselskap - potensiale for samarbeid
- Nettverket vårt og samarbeidsprosjekt gjennom dette
|
Strategi:
Ein kan tenkje seg SNH inndelt i 3 hovudsatsingsområde, eller startegiar:
- Utviklingsmiljø med fokus på reiseliv, rådgjevings- og fagmiljø.
-
Nyskaping - utvikling av forretningsområde for SNH forretningsutvikling, etablerarbistand, prosjektutvikling mv.
-
Samarbeid med eksisterande næringsliv
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2002
|
År godkjent:
|
2002
|
År oppstarta:
|
2002
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
sfnh, strynnh
|
|
|
|
|
|
|