Leikanger Næringshage har hatt fin utvikling sidan starten i 2002. Det er i dag over 50 personar som har arbeidsplassen sin hjå oss.
Organiseringa av drifta vert no gjort om og ein satsar på ein eigen programleiar for kvart satsingsområde. Sentrale personar for kvart fagfelt skal ha hovedansvaret for vidareutvikling av desse.
Funksjonen som dagleg leiar av næringshageselskapet er også i omforming. Det vert lagt opp til eit skilje mellom utviklinga av bedriftene medrekna næringshageselskapet, og drifta av næringshagen.
Gjestekontor
Gjestekontoret vårt passar for deg som treng eit kontor i korte periodar. Her finn du teknisk utstyr og breiband. Bestilling: tlf. 57 65 69 45 eller e-post: post@leikangernh.no
Om Leikanger Næringshage
Ein næringshage er ei samlokalisering av små, kunnskapsintensive verksemder.
Dagleg leiar og styresamansetjing
Leikanger Næringshage vart skipa 12. oktober 2001.
Forretningside til Leikanger Næringshage
Leikanger Næringshage skal vere ein aktuell stad for etablering av kompetansearbeidsplassar i indre og midtre Sogn. Leikanger Næringshage skal vere ein magnet for kompetanseverksemder også utanom nærområdet vårt, som ønskjer å etablere seg i regionen.