|
|
ID:
700
|
Akronym:
Nye frukt- og bærkulturar
|
Tittel:
Basisprosjekt - nye frukt- og bærkulturar for Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Forbruket av frisk frukt og bær aukar, og med det sterke fokus som no er på mat og helse kan vi forvente at konsumet vil halde fram å auke i åra framover. Skal norske produsentar få del i den verdiskapinga som dette auka konsumet fører til, må det til ei målretta satsing frå både næring og forsking. Ei satsing på nye vekstar og produktutvikling vil kunne gjera frukt- og bærproduksjonen i Noreg meir robust og auke konkurransekrafta.
I eit forprosjekt i 2005 vart det gjort ei vurdering av potensialet av nokre nye frukt- og bærkulturar med potensial for Sogn og Fjordane. Dette arbeidet er vidareført i eit langsiktig basisprosjekt med ei kontinuerleg vurdering av potensielle nye kulturar og ei første utprøving av sortsmateriale i kulturane. Ut frå dette basisprosjektet er det tenkt generert separarte prosjekt for konkrete satsingar på ein eller fleire kulturar. Det vert arbeidd parallelt med kulturar som raskt kan kome i dyrking og kulturar som kan ha potensial på lenger sikt. Satsinga inngår som eit delprogram i "Program for auka verdiskaping i frukt- og grøntnæringa i Sogn og Fjordane".
|
Strategi:
Dette er eit langsiktig basisprosjekt med desse elementa:
- Kontinuerleg søk etter potensielle nye kulturar.
- Formidling av innsamla informasjon og resultat.
- Etablering av eit nettverk i fylket.
- Inntak av materiale og prøving.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Naturarven, Næringslivet
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2006
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2006
|
|
|
|
Internasjonal status:
aktivitetar
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
opplevsf frukt bær nye kulturar nye vekster
|