|
|
ID:
699
|
Akronym:
Kvernsteinprosjektet
|
Tittel:
Kvernsteinprosjektet Hyllestad
|
|
Heimeside:
www.kvernstein.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Program opplevingsnæringaqr har ytt kr 200.000 i tilskot til prosjektet i 2006.
Bakgrunn.
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er eit av dei største fornminna i landet i utstrekning. I eit område på over 27 kvadratkilometer er det registrert fleire hundre kvernsteinsbrot. Eit omforma kulturlandskap vitnar om omfattande uttak.
Gjennom arkeologisk forsking er det dokumentert drift i kvernsteinsbrota attende til 700-talet.
Kvernstein frå Hyllestad er funne i mellomalderkontekstar i sørlege svenske område, i nordlege og austlege danske område i så store mengder at det må ha vore ein organisert handel med desse områda allereie i vikingtida.
Det er funne 4 forliste skipslaster med kvernstein frå Hyllestad i skipsleia sørover kysten. 2 av desse er henta heim til Hyllestad.
Godt over halvparten av dei store steinkrossane langs Vestlandskysten kjem frå Hyllestad.
Utfordringar.
Den store utfordringa for Hyllestad kommune er å utnytte det næringsmessige potensialet som ligg i kvernsteinshistoria.
|
Strategi:
Hyllestad kommune har sett i gang prosjektet Kvernstein i Hyllestad, eller Kvernsteinsprosjektet, med fylgjande målsetjing:
- få fram mest mogeleg kunnskap om kvernsteinsdrifta i Hyllestad og distribusjonen av åfjordsteinen, gjennom tverrfagleg forsking
- tilrettelegge kulturminnet som kvernsteinsbrota representerer for framvisning/formidling
- utvikle og utnytte det næringsmessige potensialet som ligg i kvernsteinhistoria
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Næringslivet, Turistane
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2006
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2006
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
opplevsf
|