Program opplevingsnæringar har ytt kr 59.000 i tilskot i 2006 til utvikling av dette opplevingsproduktet i Flåm. Søknadssummen var også kr 59.000.
Sogn og Fjordane eignar seg særlig godt til aktivitetsturisme. Gjennom bedrifta vår, Jetteturar, vil me legge til rette for ei vidareutvikling av reiselivsnæringa i fylket basert på natur- og kulturgrunnlaget vårt.
Mange reisande vil ha opplevingar og noko meir enn å sjå pen natur. Me vil utvikla tilbod til dei reisande der dei kan møte historien, kulturlandskapet og det lokale særpreg slik at dei kan få ein forståing gjennom eigen oppleving. Oppleving gjennom læring og forståing av samanhengar i naturen, geologi, botanikk, fauna, mat og mat-tradisjonar er ma. områder me ynskjer å utvikla tilbod om.
Dette krev bedriftsmessig produktutvikling og kunnskap om kva som er naturleg å løysa på reisemålsnivå. Flåm har i dag ein marknadstilgang som ligg til rette for å lykkast. Me vil følgje opp det gode omdømmet som fjordane har som attraktivt reisemål på ein offensiv måte. Etableringing og bedriftsutvikling av slike aktivitetar tilseier at det er grunnlag for å etablera ulike tiltak knytt til kompetanseheving og nettverksbygging. Utvikling av kunnskap som støttar målet om naturbasert reiseliv i og omkring verneområda våre, er viktig. Høg kompetanse er viktig for å lukkast.