|
|
ID:
1591
|
Akronym:
1. utlysing 2012
|
Tittel:
1. utlysing frå MVF Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Fondet, som var oppretta i 2010, skal ha ei utlysing årleg. Imidlertid vart først utlysing utsett til 2012 for å samordne utlysinga med aktiviteten i AHA! (Arbeidsprogram for heilskapleg akvakulturforvalting).
1. utlysing i fondet vart vart gjennomført med søknadsfrist 23. mars 2012.
Søknadane vart handsama av AHA! si arbeidsgruppe forsterka med marine medarbeidarar frå Innovasjon Norge og representant frå Plan- og samfunnsavdelinga i fylkeskommunen.
Søknadene vart evaluert i møte 11. april 2012 og den 22. april vedtok hovudutval for plan og næring (HPN sak 34/12) tildelinga.
|
Strategi:
Utlysingsteksten legg opp til å stø opp under målsetjingane til AHA! (HPN sak 67/11).
Tema for utlysing:
AHA! har bestemt at utlysinga skal rette seg mot prosjekt innan følgjande tema:
1. Redusere smittepress og spreiing av lakselus og andre potensielle patogene organismar
2. Førebygge rømming av oppdrettsfisk
3. Avgrense reproduksjon av rømt laks i naturen
Det er positivt om hovudprosjektet går over fleire år, men det er ikkje eit absolutt vilkår.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
HPN sak 34/12
|
Sektor:
Innbyggjarane, Næringslivet, Miljø, FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2012
|
År godkjent:
|
2012
|
År oppstarta:
|
2012
|
År avslutta:
|
2012
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
På møtet i Hovudutval for plan og næring i juni 2010 (Sak 32/10) vart Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane oppretta. Fondet har ein startkapital på 11 mill. kroner. Midlane i fondet er overført frå staten i samband konsesjonstildelinga for oppdrett av laks og aure i 2009. Etter planen skal fondet trappast ned til null over ein periode på 4-6 år. Den første tildelinga av midlar frå fondet fann stad våren 2011.
|
Kode og nøkkelord:
fond, marint, Sogn og Fjordane
|