|
Tiltak
Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2009 > Kystvegleiarkurs 2009
|
|
|
|
ID:
1211
|
Akronym:
Kystvegleiarkurs 2009
|
Tittel:
Kystvegleiarkurs Solund 2009
|
|
Heimeside:
www.kystkulturakademiet.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Kurset var eit ledd i forprosjektet til Norsk Kystkulturakademi, og var då eitt av tre prøvekurs hausten 2009. Kurset vart arrangert i samarbeid med 4H og Forum for natur og friluftsliv og var opent for alle interesserte som arbeider med formidling av kystsoge og friluftsliv i lag og organisasjonar og meir kommersielle føretak i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Initiativet til kurset kom frå Forum for natur og friluftliv, Sogn og Fjordane.
Ei av utfordringane var å nå ut med informasjon til potensielle interesserte deltakarar.
Prosjektet er viktig sidan geoturisme og økoturisme er eit nasjonalt satsingsområde innan reiseliv og vestlandskysten har eit stort potensiale her.
Opplevingsbedriftene synest dette er positivt, særleg sidan ein i Solund no har eit reiselivsprosjekt kalla ”Kort og godt”, der 13 bedrifter og lag er deltakarar. Desse har vorte jamnleg orientert i prosjektet sine strategimøter. Bedriftene er vorte oppmoda om å ta del i kurset.
|
Strategi:
Målet var at kurset skulle vere eit praktisk-metodisk kurs, der deltakarane fekk prøve seg, utforske og lære om kvalitetar tilhøyrande det tradisjonelle kystkultur-livet. Dette vart gjort gjennom å lære å ro, segle, heimefiske, tilberede fangst til gode måltid.
Ut frå evaluering med deltakarane ved kurs-avslutninga, fekk ein attendemelding på at dei hadde opplevd at desse måla var nådd! Ein av deltakarane omtalte kurset som ”ei kortreist liv”
Som eit prøvekurs hausta me verdfull erfaring både med den praktiske ramma rundt kurset (overnatting i telt, matlaging og overlevingsteknikkar) og med sjølve innhaldet i eit slikt kurs.
Ein opplevde trong for å justere kursinnhaldet noko undervegs ut frå interessa til deltakarane i kurset. Dei opplevde dette som positivt.
|
Status:
Avslutta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2009
|
År godkjent:
|
2009
|
År oppstarta:
|
2009
|
År avslutta:
|
2009
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
opplevsf2009
|
|
|
|
|
|
|