|
Tiltak
Forankring: S&Fj - Fylkesplan 2005-2008 > Opplevingsnæringar > Tilskot 2009 > Innlandsfiske
|
|
|
|
ID:
1165
|
Akronym:
Innlandsfiske
|
Tittel:
Innlandsfiske som opplevingsnæring
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Gjennom ei auka satsing på fiske i ferskvatn i Sogn og Fjordane og eit forpliktande samarbeid mellom ulike aktørar, skal vi i prosjektperioden (2008 – 2012) utvikle 25 lønsame turistfiskeprodukt med ein årleg omsetnad på 3 millionar kroner ved prosjektslutt.
Sogn og Fjordane Bondelag og Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA har saman teke initiativet til det fem årige prosjektet ”Innlandsfiske som opplevingsnæring i Sogn og Fjordane”.
Prosjektet starta opp i mai 2008 då vi kom med i Landbruk og
matdepartementet sitt 5-årige ”Program for innlandsfiske”.
Arbeidet som har gått over lang tid innanfor fiskeforvaltning i fylket gjer at vi i dag har fleire områder som kan verte svært gode turistfiskeprodukt.
I tillegg erfarer vi gjennom dei næringsretta opplevingsprosjekta vi arbeider med, at det er gjort lite både av
reiselivsaktørar og offentlege aktørar for å utnytte innlandsfiskeressursen innanfor opplevingsbasert næring.
Som ein følgje av dette er situasjonen i dag eit
relativt beskjeden fiskekortsal, litt uorganisert båtutleige, lite samarbeid med fiskerettshavarane og reiselivet samt nesten fråverande fokus på pakking og distribusjon av fiskeopplevingar i ferskvatn både for dei spesialiserte sportsfiskarane og familiefiskaren frå inn- og utland.
Samstundes erfarer vi at ferie- og fritidstilbodet for menneske med ulike funksjonshemmingar er sterkt avgrensa til å vere
institusjonar og segregerte tilbod samt nokre enkelt tilbod her og der. Det finst få heilskaplege tilbod.
Det geografiske område vil vere Sunnfjord, Nordfjord og
Sogn, men vil ha overføringsverdi til andre områder i Sogn og Fjordane, men også utanfor fylket.
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2008
|
År godkjent:
|
2009
|
År oppstarta:
|
2009
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
reiseliv, opplevsf
|
|
|
|
|
|
|