Prosjektet er planlagt etter førespurnad frå Rune Hatleli, Fresvik. Han har planta 20 daa svarthyll i eit økologisk dyrkingskonsept, og er i gang med produktutvikling basert på denne produksjonen. Dette vil vera eit viktig bidrag til å styrkja næringsgrunnlaget på bruket hans, og han meiner at slik produksjon bør vera av stor interesse også for andre. Det ligg betydeleg verdiskapingspotensiale i vidareforedling, og det er registrert interesse for produktet i marknaden.
Dei investeringane som må til i produksjonsutstyr må ha stor tonnasje for å kunna verta rekningssvarande. Som det er i dag, er avlingane i felta for små, og det er heilt avgjerande at ein får opp avlingane for å få økonomi i produksjonen, både for Hatleli sin del og for at produksjonen skal bli interessant for nye dyrkarar.
Svarthyllproduksjon har så langt vore ein nisjeproduksjon i Noreg, og ein har avgrensa kunnskapar om produksjon, og då særleg innan økologisk dyrking. Røynslene så langt er at avlinga er for låg, og at det er fleire faktorar som krev meir kunnskap for å betra avlingsnivået. Viktige problemstillingar som må løysast er berekraftige tiltak mot skadegjerarar som fugl, lus og midd, men også problemstillingar knytt til fruktsetjing, gjødsling, jordkulturmåtar, vegetasjonskontroll, m.m.