Generelt for fylket skil strukturen i sysselsettinga seg frå det ein finn elles i Noreg ved at primærnæringane og industrisektoren har ein relativt høgare del av sysselsettinga. Fylket er godt representert – over landsgjennomsnittet - i næringar som næringsmiddelindustri, fiskeoppdrett, transportnæring og produksjon av metall. Men talet på føretak med innovativ aktivitet (nye produkt eller prosessar) ligg for industrien langt under gjennomsnittet. Talet bedriftseiningar med FoU- aktivitet, ligg også langt under landsgjennomsnittet. Det er også eit kjenneteikn ved Sogn og Fjordane at fylket har mange småskalaverksemder. Det å ha kapasitet til å handtere dei mange små verksemdene er såleis er sentral utfordring både for verkemiddelapparatet og for FoU- institusjonane.
Forskingsbasert kompetansemekling er såleis eit særs relevant verkemiddel og aktiviteten vil bli retta mot dei bransjane og dei regionale næringsmiljøa som no er i betydeleg omstilling. Her er det både ”kriseforståing” og vilje til å satse nytt og drive innovasjonsprosessar, og det finst komplementære finansieringsordningar som kan støtte opp om utviklingsprosessane i dei einskile verksemdene.
Målgruppe for arbeidet i 2005 vil vere følgjande:
- Bedrifter involvert i omstillingsarbeid i Flora kommune særleg verksemder tilknytt marine og maritime cluster.
- Bedrifter involvert i omstillingsarbeid i Høyanger og Årdal kommunar særleg knytt til mekanisk industri og tenesteyting
- Bedrifter med tilknyting til dei fem næringshagane og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane med særleg vekt kunnskapsintensive nye næringar
I kontakten og samarbeidet med bedriftene er det deira behov som må verta ivareteke. Dette betyr at ved etablering av prosjekt vil kompetansemeklaren formidle kontakt og vere prosesshjelp i forhold til å identifisere og formidle kontakt med relevante kunnskapsmiljø i og utanfor fylket. Då graden av FoU aktivitet i verksemdene i fylket er låg vil kompetansemeklarane i første omgang ha spesiell fokus på å initiere prosjekt for eit langsiktig utviklingssamarbeid.
I forhold til val av bedrifter for bedriftsbesøk vil vi i første omgang følgje opp bedrifter som deltek på motiveringsaktivitetar og som på anna vis har vore i kontakt med dei parallelle programsatsingane i fylket. Her vil vi spesielt ha eit samarbeid med satsingane innan Verdiskaping 2010 Sogn og Fjordane, Arenaprogrammet Marin Vest og Næringsretta Høgskulesatsing, og det internasjonale satsinga programsatsinga ENABLE.
Innovasjon Noreg – regionkontoret i Sogn og Fjordane har finansieringsinstrument som kan nyttast til å delfinansiering av bedriftsprosjekta. Dette har vore gjort i tidlegare TEFT-program og er drøfta med IN og vil bli vidareførd. SkatteFunn er også ei særs relevant og fleksibel finansiering av FoU-verksemd i bedriftene og vil bli aktivt marknadsført for å mobilisere for FoU i bedriftene.