|
Delprosjekt
Forankring: Vestlandet - Langsiktige satsingar > Internasjonalisering > SIV-prosjektet > Felles prosjektdatabase for Vestlandet (SIV)
|
|
|
|
ID:
188
|
Akronym:
Felles prosjektdatabase for Vestlandet (SIV)
|
Tittel:
Utvikling av felles prosjektdatabase for samarbeid om internasjonalisering på Vestlandet
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Samarbeid og samordning er vanskeleg. Gode døme på samarbeid er ofte knytt til personlege eigenskapar. Når ein skal etablera samarbeid mellom personar i ulike etatar og ulike fylke, må ein søkja å nytta metodar og prinsipp som er personuavhengige, og som ikkje er avhengige av personlege kontaktar, kjennskap og vennskap, eller om personar sluttar og byrjar i ein organisasjon. Nettverket må vera robust. Slike robuste nettverk må baserast på veleigna system, verkty og metodar. Slike system var ved prosjektstart langt på veg utvikla både hjå Vestlandsforsking /EIC-Vest, på Europakontoret i Bergen og hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Systema konkurrerar ikkje med kvarandre, men kan utfylla kvarandre. Eit ynskje om bruk av desse løysingane låg bak dette delprosjektet.
Dei aller fleste utviklingsoppgåver i det offentlege er i dag knytt til prosjekt. Tal prosjekt stig stadig, og som offentlege konsulentar har me mangla den enklaste oversikt over dei ulike prosjekta kringom i fylket, kongeriket og utanlands.
Når SIV-prosjektet starta opp hadde Sogn og Fjordane Fylkeskommune teke tak i dette problemet, og laga ein såkalla prosjektdatabase, med oversikt over prosjekt, nøkkeldata for prosjekta, status, nyhende, arrangement etc. knytt til prosjekta. Styringsgruppa meinte at dette kunne vera eit viktig tiltak å sjå nærmare på i SIV-prosjektet.
Arbeidet tok utgangspunkt i prosjektdatabasen "Etablerix", og den metodikken som var nytta der. I SIV-prosjektet skifte ETABLERIX namn til "Vestnett prosjektdatabase" og seinere RUP Norge (www.rup.no). Det er den databasen du nytta no.
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2001
|
År godkjent:
|
2001
|
År oppstarta:
|
2001
|
År avslutta:
|
2004
|
|
Internasjonal status:
målgrupper, deltaking
|
Verkemiddel område:
RUP Norge er eit fellestiltak for alle som driv regional utvikling med offentleg deltaking. RUP Norge representerar eit tilbod, som er eit verkty til styring og arkivering av regionale utviklingsprosessar. RUP Norge har ikkje midlar til utlysing som verkemiddel. I fyrste omgang vert dei 3 fylka som er med i Vest-Norges Brusselkontor prioriterte, saman med dei kommunane som er medlemer av Vest Norges Brusselkontor: http://www.west-norway.no/
Medlemene i Vest-Norges Brusselkontor er:
Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Hordaland fylkeskommune, Høyanger, Kvam, Lindås, Meland, Møre og Romsdal fylke, Norges Musikkorps Forbund, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sund, Ålesund, Øygarden
|
Kode og nøkkelord:
siv, felles prosjektdatabase, rup, regional
|
|
|
|
|
|
|