Initiativet kom istand etter at Tine Fellesjuice og Tine meieriet Vest, Vik, ynskjer å få istand produksjon av pære til juice, som basis for regional merkevarebygging. Initiativet er såleis viktig med tanke på regional identitet og auka verdiskaping i frukt- og grøntnæringa.
Sognefrukt har hatt problem med omsetning av fleire pæresortar, og dei fleste pærehagar er rydda. Initiativet frå Tine kom i siste liten for å redda hagar som enno er produktive. Pæreproduksjon er mindre kostnadskrevjande og mindre intensiv enn t.d. moreller og bringebær, og høver såleis for produsentar som ynskjer å nytta eige arbeid i produksjonen. Det kan vera eit viktig tiltak for å rekruttera nye dyrkarar inn i produksjonen.
Det vart etablert eit forprosjekt som har gått i 2008, og der vart det konkludert med at det skal startast opp eit hovudprosjekt. Konklusjonen hadde bakgrunn i at produktet held mål, og dei økonomiske føresetnadane for å etablera og vidareutvikla råvareproduksjonen er gode.