I handlingsprogrammet ”tenester nye næringar” i gjeldande fylkesplan, omtalar fylkeskommunen ei slik målsetting for satsing på reiseliv:
”Vi vil følgje opp på ein offensiv måte det gode omdømmet som fjordane har som attraktivt reisemål”. I lys av dette målet vart følgjande innsats prioritert:
- Destinasjonsutvikling (3 årsavtale)
- Etablere nasjonalt fagmiljø for geoturisme
- Avklare aktørane i reiselivet sine roller
- Internasjonal marknadsføring gjennom Fjord Norge
- Styrking av fylkesnivået (fylkesdekkande tiltak)
- Produktmekling
- Kompetanseutvikling
- Satse på opplevingsnæringane ”Opplevingsnæringar” / ”Aktivitetsturisme”
I ettertid har det vorte føreslått at fylkeskommunen burde gå djupare inn i tema reiseliv og arbeide grundigare med analyse, mål og strategiar. Mellom anna har Sogn Regionråd bedt om samarbeid med fylkeskommunen om reiselivsplanlegging.
Dei tre institusjonane, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og fylkeskommunen v/ Regionalavdelinga har tinga ei analyse av reiselivet i fylket. Også i denne rapporten (rapport 3/2007, Reiselivet i Sogn og Fjordane – oversyn, kommentarar og strategiske problemstillingar), har spørsmålet om ny reiselivsstrategi for Sogn og Fjordane dukka opp.
Etter at rapporten vart publisert kring medio februar 2007, har ynskje om ny reiselivsplan vore lagt fram for ulike fylkeskommunale politiske fora av personar frå både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Det er gitt politisk klarsignal til å fremje ei sak om initiativ til reiselivsplanlegging i Sogn og Fjordane.
Dagens mål og strategiar for reiseliv i Sogn og Fjordane
Målsettinga for dagens arbeid med reiseliv i fylket vert t.d. formulert slik i avtale med reisemålselskapa:
Målet er auka verdiskaping ved sal av varer, tenester og opplevingar til turistar og andre reisande frå Norge og utlandet, utan å koma i konflikt med fylket sine gjeldande retningslinjer for berekraft, miljø, vern og eventuelle andre politiske føringar knytt til denne satsinga.
I praksis har strategien vore å arbeide gjennom avtalar med like aktørar og formulere mål / oppdrag og føringar til desse. Denne måten å arbeide på vert leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune, gjennom avtalar med aktørane.
Dei eldste satsingsområda er frå før 1990 (SFR). Mange er frå 1990-talet. Men, dei aller fleste avtalane er frå 2007. Alle avtalene er gjenstand for årlege evalueringar. Dette viser at strategien er dynamisk, og i stadig endring. Av viktige avtalar og prosessar kan ein nemna:
- Fjord Norge (internasjonal marknadsføring)
- Sogn og Fjordane Reiselivsråd (samlande organ for reiselivsnæringa i fylket)
- Reiselivsorganisasjonane (fylkesdekkande nettverk, reisemålsutvikling, infrastruktur)
- Innovasjon Norge (støtte til bedrifter og grupper av bedrifter)
- Statistikknett (SSB-statistikk for fylket, Vestlandsportal)
- Western Norway Film Commission ( internasjonal marknadsføring av ”film-locations”
- Marknadsplanen, samferdsla (auka bruk av offentlege transportmiddel)
- Fylkesmannen (underordnar seg føringar i fylkesplanen)
- Høgskulen i Sogn og Fjordane (institusjonsoppbygging)
- Vestlandsforsking (institusjonsoppbygging)
- VRI-reiseliv (FoU)
- Arena Fjordturisme
- Regionvise strategiar (reiselivsplanar i regionråda
- Program Opplevingsnæringar (2005-2008).
Fylkeskommunen er sentral premissgivar for alle desse avtalane og prosessane. Nokre av avtalene vert samordna med andre fylke, som avtalen med Fjord Norge og prosjektet Innovativ Fjordturisme.
Fylkeskommunen har fagpersonell som kjenner avtalane, og som prøver å koordinera dei ulike satsingsområda, for optimal bruk av ressursane i høve måloppnåing. Til dette arbeidet er også utvikle eit eige verkty som vert kalla RUP-Norge (
www.rup.no).
Dagens ordning fungerar relativt godt, og er eit resultat av eit årelangt utviklingsarbeid. Med overgang til meir langsiktige avtalar (døme: Fjord Norge og reisemålselskapa), vonar ein på endå betre resultat.
FORBETRINGSPUNKT
Fylkesdirektøren vil peike på desse forbetringspunkta :
- Å etablere utviklingsarbeidet som ei langsiktig satsing (10 - 15 år)
- Gode målformuleringar som gir grunnlag for prioritering. Og som naturleg del av eit slikt arbeid: vurdere om pengane det offentlege brukar til reiselivsutvikling i dag er ”rett” prioritering.
- Det er behov for å forbetre kunnskapsgrunnlaget for det kontinuerlege utviklingsarbeidet (FoU og god statistikk
- Betre koordinering mellom dei ulike aktørane / utviklingsprosessane som er omtala ovanfor. Fylkesdirektøren vurderer dei opplista avtalane / føringane for ulike utviklingsaktørar som ei vellukka arbeidsform å bygge vidare på.
- Formulere kva rammer reiselivsutvikling må skje innanfor
• Kva samfunnet ønskjer m.o.t. å utvikle reiselivet
• Miljøomsyn (natur – og kulturgrunnlaget) / Gi konkret innhald til omgrepet ”berekraftig reiseliv
Konsekvensen av denne opplistinga er:
- Brei medverknad. Planprosessen skal sikre god samanheng med arbeidet i kommunane og brei medverknad frå næringa.
- Bruke forskingsmiljøet for å legge til rette for kunnskapsbaserte målformuleringar som kan etterprøvast og rapporterast på.
- Ønskja om brei medverknad og kompetanseutvikling, må vegast mot omsynet til rimeleg framdrift. Fylkesdirektøren føreslår ein konsentrert mål og strategiprosess januar – april 2008 og politiske vedtak hausten 2008 som ramme for arbeidsmetode.
Det vert tinga følgjande ”levering” frå planarbeidet:
- Planprosessen skal legge til rette for ei politisk formulering av mål og rammer for reiselivsutviklinga i fylket.
- Det vert etablert eit langsiktig reiselivssamarbeid med tydelege mål og tydeleg plassering av ansvar for leiing / koordinering av det samla reiselivsarbeidet.
- Det skal etablerast eit oppfølgingssystem som inkluderer det politiske nivået i hovudrapportering og læring.
- Politisk vedtak hausten 2008
VIDARE ARBEID
Når det gjeld Vestlandsforsking og Høgskulen si skildring av føremunene ved ein strategisk plan, så er fylkesdirektøren samd i det som er skrive. ( 2 vedlegg)
Strakstiltak:
- Forankre framlegget til planprosess hos dei som er tenkt skal delta i planarbeidet
- Oppnemne styre og vedta budsjett for arbeidet i sak i november