|
Prosjekt
Forankring: Osterfjord Næringssamarbeid > Biovarme Osterfjord
|
|
|
|
ID:
892
|
Akronym:
Biovarme Osterfjord
|
Tittel:
FORPROSJEKT FOR MOGELEGE NÆR/FJERNVARMEANLEGG OG ANLEGG FOR VARMEPRODUKSJON I OSTERFJORDREGIONEN PROSJEKTPLAN
|
|
Heimeside:
www.rup.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Osterfjordregionen har bioenergi som satsingsområde.
Osterfjordrådet er prosjektansvarleg for det fylkeskommunalt finansierte prosjektet ”Pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i Hordland.” Her er det over 3 år ei tilskottramme på 4 mill kr. Osterfjord Næringssamarbeid vil stå for gjennomføringa av prosjektet/ prosjektleiing.
Me ønskjer no å sette i gang forprosjektet for å få bygd varmesentralar og nær/fjernvarmenett i regionen, m.a. ved å ha gode prosjekt for finansiering gjennom pilotprosjektet.
Kommunane har energistrategiar som gjev godt grunnlag for dette arbeidet. Når det gjeld ”energiutgreiingane”, viser dei litt mindre ambisjonar. Resultata frå forprosjektarbeidet vil kunne gje eit godt grunnlag ved neste revisjon av energiutgreiingane.
|
Strategi:
I prosjektplanen er det vist til ei rekke aktuelle område for nærare utgreiing. I prosjektplanen er det og ein oversikt over lokale aktørar på området i dag/ aktuelle aktørar for gjennomføring av det som vil vise seg å vere realiserbare tiltak.
I oppstartfasen vil me arbeide litt vidare for å få fram fleire/alle aktuelle aktørar og prosjekt i regionen.
Deretter vil me ha ein grov og rask gjennomgang av alle prosjekta for å finne fram til dei mest aktuelle.
Dei prosjekta som vert valde ut til vidare utgreiing, skal grovprosjekterast, men likevel så detaljert at prosjekteigaren har grunnlag for å søke finansiering og grunnlag for å gjere val om dei vil realisere prosjektet eller ikkje. Prosjektet skal altså konkludere med forslag til konkrete løysingar der lønnsemd, finansieringsbehov, finansieringsmodeller og gjennomføringsevne vert vurdert.
Det vert lagt vekt på at prosjektet vert gjennomført slik at kompetansen som vert utvikla, vert tilgjengeleg i regionen også etter at forprosjektet er fullført.
For å få inn spisskompetanse, vil det kjøpast inn noko assistanse frå konsulentfirma med solid, praktisk røynsle på området.
|
Status:
Avslutta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Næringslivet
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2006
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2006
|
År avslutta:
|
2007
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
Nærvarme, fjernvarme, bioenergi, varmesentral, varmeproduskjon, Osterfjord, Modalen, Osterøy, Vaksdal
|
|
|
|
|
|
|