Ein negativ flyttestraum og hjerneflukt ut av fylket er vedvarande trendar i Sogn og Fjordane. I 2005 hadde fylket den tredje største nettoutflyttinga (iabsolutte tal) i landet. Fråflyttinga er størst i alderen 20-39 år. Samstundes viser undersøkingar blant utflytte studentar at mange kunne vere interesserte i å flytte heim dersom ting låg til rette for det. Mangel på relevant jobb blir ofte nemnt som eit viktig hinder for å slå seg ned i Sogn og Fjordane. Såleis kan det å etablere kontakt mellom jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar i fylket vere eit svært viktig tiltak.
Dei ni traineeane som i 2006 er utplasserte i Sparebanken Sogn og Fjordane, Høyanger Næring og utvikling, Sogn og Fjordane Energi og Vestlandsforsking ønskjer i fellesskap å ta tak i denne problemstillinga ved hjelp av gruppa sin godt samansette kompetanseprofil.