|
|
ID:
755
|
Akronym:
KAM-prosjektet
|
Tittel:
Kompetansesenteret for avansert maskinering, KAM
|
|
Heimeside:
www.cncogrobot.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Skrikande behov for CNC-operatørar
Me opplever no både lokalt, regionalt og nasjonalt ei vesentleg underdekning i trongen for kompetente CNC-operatørar. Prosjektet har fått støtte-erklæringar frå 13 bedrifter i Bergen og omland. Desse representerer ca 2500 arbeidsplassar med over 250 avanserte CNC- maskiner.
|
Strategi:
HOVUDMÅL
Utvikla eit regionalt, og etter kvart nasjonalt ressurssenter for avansert maskinering og robothandtering, basert på samarbeid mellom Osterøy vidaregåande skule, lokalsamfunnet og lokalt og regionalt næringsliv. Utviklingsprosjektet skal gjennomførast slik at det har overføringsverdi for andre skular, både i Hordaland og elles i landet.
Delmål
- Å gje eit tilbod innan eit fagområde med stor etterspurnad etter fagarbeidarar
- Å gje eit tilbod som skal vera i fremste rekke innan vidaregåande opplæring
- Å gjera tilbodet så attraktivt at elevar frå Bergensregionen og eit vidare område søkjer seg hit
- Å gje opplæring på maskiner med moderne styringsteknologi og robotar, både i skuleverkstad og gjennom praksis i bedrifter som skulen har avtale med
- Å tilby opplæring på eit breitt spekter av datastyrte maskiner (CNC) for også å dekkja bransjar som til no har mangla opplæringstilbod
- Skaffa finansiering for innkjøp av moderne undervisningsutstyr og maskiner som er tenlege for opplæringsmåla ovanfor
- Rekruttera personar og gje relevant opplæring til lærarpersonalet for at dei kan ha den kompetansen som er naudsynt for å gje opplæring på moderne CNC-maskiner
- Vera/utvikla eit ressurs- og kompetansesenter for opplæring av vaksen arbeidskraft innan datastyrte maskiner og robotar
- Å evaluera og formidla erfaringar frå utviklingsarbeidet slik at det har overføringsverdi for andre skular både i Hordaland og elles i landet på korleis ein kan utvikla ressurssentra for næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling
|
Status:
Avslutta
|
Vedtak:
Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune vedtok 22.6.06 å løyve kr 400.000 til prosjektet.
|
Sektor:
Næringslivet, Ungdom, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2006
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2006
|
År avslutta:
|
2009
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
KAM kompetansesenter avansert maskinering CNC robot
|