I Sogn og Fjordane har industrien ein større del av sysselsettinga enn i landet elles. Industrien sysselset 18% i 2004, medan tilsvarande tal for landet elles er 12%. I mange lokalsamfunn er store industribedrifter dominerande arbeidsgjevarar og ofte einaste mottakar av produkt frå lokale underleverandørar. I nedgangstider er desse samfunna ekstra sårbare, men også i ein meir normalsituasjon møter dei store krav til forbetringar og innsparing. Modernisering er viktig for å sikre økonomien i ei verksemd, men når ein moderniserer vil det ofte gi behov for færre tilsette. Dette er eit paradoks. Dette gjer det viktig å arbeide med nyskaping i form av nye satsingar og utvikling av eksisterande verksemder. Sogn og Fjordane er eit råstoffproduserande fylke, råstoffprodusentar er stadig under press for å levere råvarer rimelegare. Framtidsretta arbeidsplassar ligg i vidareforedling. Talet på arbeidsplassar i industrien vil difor halde fram med å minke og må kompenserast av arbeidsplassar i nye bedrifter og i bedrifter med høgare grad av foredling. Nyskaping, utvikling og internasjonalisering er verkemiddel i dette arbeidet.