|
|
ID:
572
|
Akronym:
2005: Nye Frukt- og bærkulturar
|
Tittel:
Forprosjekt - Nye frukt-og bærkulturar for Sogn og Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Med eit sterktaukande konsum på frukt og bær og ei auka satsing på mangfald i butikkane er tida inne for ei lokal satsing på nye vekstar, slik at frukt- og bærprodusentar i Sogn og Fjordane kan ta del i den verdiskapinga dette representerar.
Landbruket i fylket vert stadig meir konkurranseutsett. I ein konkurransesituasjon er det innovative og framtidsretta miljø som har størst sjanse for å vinne. Det er då avgjerande å tenke nyskaping og produktutvikling. Det er også viktig å tenke mangfald i produksjonen. Det vil gjera det mogeleg å utnytte fleire marknadssegment, og vil gjera frukt- og bærproduksjonen i fylket meir robust og i stand til raskare å tilpasse seg endringar i marknaden. Dei naturgjevne tilhøva for frukt- og bærdyrking er gode i Sogn og Fjordane, fylket har svært dyktige og aktive dyrkarmiljø, viktige bedrifter innan vidareforedling med lang erfaring innan produktutvikling og ein etablert infrastruktur for å handtere frukt og bær.
|
Strategi:
For å utvikle frukt- og bærnæringa i fylket vert det lagt opp til ei satsing på nye frukt- og bærkulturar gjennom ei systematisk kartlegging av potensielle nye produksjonar. Det er lagt opp til eit forprosjekt for ei første kartlegging av potensielle kulturar, og så ei vidareføring i eit langsiktig basisprosjekt.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Næringslivet, Turistane
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2005
|
År godkjent:
|
2005
|
År oppstarta:
|
2005
|
År avslutta:
|
2006
|
|
Internasjonal status:
aktivitetar
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
frukt bær nye kulturar nye vekster
|