Vestlandsrådet vedtok i møte 30.09.05 å setje i gang ein forstudie og løyvde naudsynte midlar til tiltaket.
Vedtaket frå 30.09.05 lyder slik:
1. Vestlandsrådet godkjenner at det vert starta eit arbeid med ei forstudie om ”Ressursbaserte opplevingsnæringar på Vestlandet”.
2. Arbeidet skal utviklast stegvis. I denne omgang ber ein om at forskingsmiljø på Vestlandet om å
- oppsummere kunnskapsstatus
- vurdere det økonomiske potensialet innan ressursbaserte opplevingsnæringar
- strukturere, definere og rydde i omgrepa og såleis skape ein plattform for vidare arbeid
- vurdere rammevilkår
3. Forstudien skal få fram potensiale og flaskehalsar og såleis medverke til å prioriter arbeidsoppgåver på Vestlandsnivået framover.
4. Vestlandsrådet løyver 350 000 kr. nto til arbeidet med forstudien.
I møtet i Vestlandsrådet vart administrasjonen oppmoda om å komme fram til eit betre namn på satsinga.I første omgang vel administrasjonen å bruke nemning ”Opplevingsnæringar i Vestlandsbygdene”.