Reiselivsnæringa i Fjord Norge har ei brutto omsetning på nær 20 mrd. kr., og er ei av dei viktigaste næringane for regionen. Næringa slit imidlertid med låg lønsemd. Hotella har beleggsprosent på under 50 %. Fleire bedrifter er stengt store deler av året. Innan hytteutleie anslår ein årsbelegget til å vere knappe 30%. Samtlege vestlandfylke har reiseliv som satsing i Regional Utviklingsprogram (RUP).
I løpet av året 2005 er det gjennomført ei forstudie med det siktemål å etablere felles forståing omkring problemstilling og utfordringar for reiselivet på Vestlandet. Arbeidet i forstudiet har bestått i dialog med aktørane i klynga, informasjonsinnhenting, og møte med kunnskapsmiljøa. Det er etablert ei arbeidsgruppe, pluss vorte halde fleire møte med deltakarar frå næringa og fagmiljøa for å utvikle materialet for denne søknaden. I tillegg har ulike eksterne samarbeidspartnarar deltatt i arbeidet.
Ove Gjesdal frå MIMIR har delteke som rådgjevar i arbeidsgruppa. Nina Broch Mathisen IN Hordaland har bidratt til koordinering og utforming av søknaden. Ut frå møte og samtalar med aktørane har vi komme fram til følgjande visjon:
Fjord-Norge skal bli eit leiande Fly & Drive/ kortferie reisemål i Europa for besøkande som er ute etter naturbaserte opplevingar som er tufta på geoturisme.
Målet med Innovativ Fjordturisme er å få til auka verdiskaping, konkurransekraft og lønsemd for reiselivsnæringa i fjordnorge gjennom satsing på natur/kultur - og opplevingsbaserte kortferiar. Vi ønskjer også utvikle nye læringsarenaer gjennom nettverk, kompetanse og samarbeid. Antall kortferiar i Europa har hatt ei stor vekst dei siste åra. Konkurrentar som Finland og Island har tatt del i denne etterspørselsauken, medan Norge ikkje har klart å utnytte potensialet på tilsvarande måte. Det er nå stor interesse både frå Innovasjon Norge, dei viktigaste flyplassane og ikkje minst næringsaktørane på Vestlandet for å lukkast med ei kortferiesatsing. Vi ønskjer å utvikle salbare opplevingar i ”distriktet” i tilknyting til dei store byane. s Operatørar som Mimir har kontakta meiner at det er eit uforløst marknadspotensiale innanfor Fly & Drive, særleg knytta til rundreiser. For å lukkast er det nødvendig å tilrettelegge opplevingane mot eit slikt konsept (eks. pakketerte rundreiseforslag via buss, båt og tog), felles utvikling med utleieselskap, flyselskap og flyplassar, samt innarbeide konseptet i prioriterte salskanalar. I følgje Avinors rapport ”Turismeprosjektet 2005” vil følgjande norske produkt bli dei mest etterspurte i åra som kjem:
- Tre-stopp rundreiser med flytransport inn til området
- City-breaks/kortferiar med 4-7 døgn
- Skiferar og snøopplevingar -vinterferiar utan ski
- Sportsfiske i sjø/fjord
- Aktivitetsferiar som vandring, sykling, vassaktivitetar og ekstremsport.
- Produktutviklinga vil både innebere tematiserte natur- og kulturbaserte aktivitetar.
Fjord Norge har ei unik natur med fjord, fjell, bre og kyst og det er eit stort uutnytta potensiale. I 2004 kåra National Geographic Society fjordnorge til verdas fremste reisemål. Både Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane og Geirangerfjorden i Møre og Romsdal har fått status som verdsarvområde. Fjordane har såleis ein høg status som reisemål, og er kanskje Norges fremste eksportvare i internasjonalt reiseliv. Dette forpliktar både i forhold til bruk og vern av natur- og kulturressursane i reiselivssamanheng.
Kommunikasjonen i fjordnorge har vorte betydeleg betre dei siste åra med mange nye vegar, tunnellar og bruer som utvidar mulegheitene og reduserer reisetida. Vi kan nemne Trekantsambandet, Rennfast, Folgefonntunnellen, Fjærlandstunnelen og Kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim. Det har skjedd store forbetringar langs Kyststamvegen dei seinare åra. Vi har ikkje klart å utnytte dei mulegheitene dette gjev. Ein auke i antall overnattingsdøgn på 10% vil medføre 700.000 nye gjestedøgn (ca. 150.000 besøkande), og ei auka losjiinntekt på ca. kr. 500 mill. Samtidig vil ein slik trafikkvekst kunne gje natur- og kulturbaserte opplevingar ei meiromsetning (jmf. erfaringstal) på nærmare 100 mill. årleg.
Klynga sine utfordringar
- Det fins ikkje tilstrekkelege koplingar mellom dei store og dei små aktørane i reiselivsnæringa til å kunne utnytte kompetansen og ressursane hjå kvarandre. Reiselivsmarknadene er i stadig forandring, og etterspurnaden er annleis nå enn for 5-10 år sidan. Dette krev nye samarbeidskonstellasjonar og samarbeidsformer i reiselivsnæringa.
- Det er eit behov for at FoU- miljøa rettar meir av sin merksemd og kompetanse mot reiselivsnæringen.
- Det er ikkje utvikla tilstrekkelege læringsarenaer og miljø for kompetanseutvikling
Forstudiet har avdekka at reiselivet i fjordnorge har eit godt utgangspunktet for eit Arenaprosjekt. Reiselivsnæringen er internasjonalt konkurransedyktig og godt organisert for samarbeid. FoU-miljøet er nasjonalt leiande og held eit godt internasjonalt nivå, og offentlege aktørar, virkemiddelapparat og innovasjonsaktørar satsar på reiseliv.Klyngene har likevel store interne utfordringar. Fleire hegnar om sine særinteresser med bakgrunn i for liten kompetanse på innovasjonsprosessar. Vi ønskjer å minimalisere desse "motkreftene" og flytte stabbesteinane slik at innovatørar kan utfolde seg til felles beste for reiselivsnæringen.
Ressurssvak småskala næring:
Regionen har mange små og mellomstore aktørar som representerer ressursgrunnlaget som trekk tilreisande til fjordnorge. Dei har ofte avgrensa økonomiske midlar og forståing av ”det heilheitlege reiseliv”. Ei kopling mot den profesjonelle delen av reiselivet vil sikre kompetanse og alliansar for å kunne utvikle marknadstilpassa produkt.
Ressurssterk storskala næring:
Det er fleire sterke reiselivsaktørar etablert i området, m.a. innanfor overnatting og transport. Desse har solid marknadskontakt og kompetanse innanfor sin del av reiselivet, men treng tilgang til fleire gode natur- og kulturbaserte opplevingsprodukt. Dei store aktørane stiller store krav til kvalitet, og sit med marknadskompetanse, økonomiske ressursar og kommunikasjonskanalar som kan vere avgjerande for opplevingsaktøranes moglegheit til å nå ut i marknaden.
Avgrensa samarbeid med kunnskapsmiljøa:
Tilknytinga mot kunnskapsmiljøa har vore avgrensa. Kunnskapsmiljøa i regionen har derimot kompetanse knytte til innovasjon, produktutvikling, planlegging, naturbruk og marknadsarbeid som er nødvendig for å kunne jobbe effektivt med innovasjon. I tillegg har FOU miljøa fagleg kompetanse på område som er viktig for produktutviklinga; historie, kultur, musikk, medisin, matoppleving og ernæring for å nemne noko.
Ingen samla produktutvikling:
Det eksisterer ingen overordna aktør som koordinerer arbeidet med innovasjon, produkt- og konseptutvikling