|
|
ID:
1837
|
Akronym:
2015hp Smartare rapportering
|
Tittel:
Smartare rapportering! Innovasjon gjennom nye modellar for rapportering mellom kommunar og stat
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Støtte: Inntil 2,1 mill kr
Meir effektiv rapportering i offentleg sektor
Førde kommune får 2,1 millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å utvikle nye og meir effektive metodar for rapportering frå kommunar til stat. Norske kommunar er pålagde å rapportere jamleg til ulike statlege instansar på ei rekke forvaltingsområde. Det vert ferdigstilt svært spesifikke og detaljerte rapportar til bestemte tidsfristar, noko som både er svært ressurskrevjande for kommunane og medfører at moglegheitene for gjenbruk er små.
Gjennom forskingsprosjektet som no får støtte frå RFF Vestlandet, ønskjer ein å utvikle smartare og meir effektive rapporteringsløysingar basert på opne data der statlege instansar sjølv kan hente ut den informasjonen dei har behov for på ønska tidspunkt. Prosjektet omfattar også ei kartlegging av ressursbruken knytt til rapportering blant alle kommunane i Sogn og Fjordane, slik at ein kan blinke ut dei områda der gevinsten av å effektivisere vert størst.
- Det er forska forsvinnande lite på utvikling av meir effektive rapporteringsmetodar, så her kan overføringsverdien til heile offentleg sektor vere stor. Prosjektet er også spennande fordi det tar eit nedanfrå-og-opp-perspektiv og ser utfordringane frå kommunal side, seier Kjelsnes.
Initiativet til prosjektet kjem frå eit breitt samansett partnarskap i Sogn og Fjordane, som i tillegg til Førde kommune inkluderer kommunane Flora, Sogndal og Eid, Stiftinga Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og UNI Research.
For meir informasjon, kontakt Ole John Østenstad, rådmann i Førde kommune, på tlf. 901 79 283, eller Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, på tlf. 917 39 918.
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
Vedtak om støtte i styremøte den 4. juni 2015 i Stavanger
|
Sektor:
FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2013
|
År godkjent:
|
2015
|
År oppstarta:
|
2015
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
rffv fou
|
|
|
|
|
Prosjekt 248027
Prosjektansvarleg
Førde kommune
Prosjektleiar
Vestlandsforsking
|