|
|
ID:
1805
|
Akronym:
2014hp Klimatilpassing Aurland
|
Tittel:
Klimatilpasning og endringer i kommunal risikohåndtering/beredskap. Instrumentering, prosessforståelse som grunnlag for tidlig varsling.
|
|
Heimeside:
www.aurland.kommune.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Bilde lånt av NRK.
Løyving oktober/desember 2014: inntil 2 mill kr
Flyboren elektromagnetisk kartlegging av skredfare
Aurland kommune får to millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga blant anna er å utvikle effektiv kartlegging av skred- og flaumrisiko i bratt vestlandsterreng ved hjelp av flyborne elektromagnetiske undersøkingar.
Fleire studium av effektane av dei forventa klimaendringane peiker på auka skredfare på Vestlandet. I samarbeid med kraftprodusenten E-CO Energi, Jernbaneverket og Norges Geotekniske Institutt (NGI), har Aurland kommune dokumentert meir enn 30 prosent auke i intense nedbørsperiodar dei siste 50 åra i området langs Bergensbanen frå Flåm til Myrdal.
Større nedbørsmengder og hyppigare nedbør – gjerne i samspel med store temperatursvingingar – kan føre til svekka stabilitet i dalsider med bratt terreng. Dette skapar behov for nye og meir effektive metodar for førebygging og risikohandtering – og dermed også for kartlegging av risiko.
I dette prosjektet vil ein blant anna utforske potensialet i såkalla flyborne elektromagnetiske undersøkingar, som er rekna for å vere godt egna til å skaffe oversikt over teoretisk skredrisiko i store geografiske område.
Undersøkingane skal gi eit betre grunnlag både for arealplanlegging og for optimal plassering av måleutstyr som inngår i lokal risikoanalyse, varsling og beredskap.
"Vi lever i ein skredutsett region, og har stort behov for forsking som kan bidra til utvikling av gode lokale system for planlegging og varsling"
Aurland kommune skal gjennomføre prosjektet i samarbeid med NGI, Jernbaneverket Region Vest og E-CO Energi AS.
For meir informasjon, kontakt Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune, på tlf. 941 51 579.
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
Styremøte RFF Vestlandet 11.12.14
|
Sektor:
Innbyggjarane, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Miljø, FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2014
|
År godkjent:
|
2014
|
År oppstarta:
|
2014
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
rffvsf14 offentleg rffv fou
|
|
|
|
|
Prosjektnr: 245331
Prosjekteigar
Aurland kommne
Bjørn Sture Rosenvold
mobil: 94151579
E-post: bsr@aurland.kommune.no
Prosjektleiar
Ulrik Domaas
Norges Geotekniske Institutt
mobil: 92447442
E-post: ud@ngi.no
|