|
|
ID:
1800
|
Akronym:
2015: NYE NORSKE PÆRER
|
Tittel:
Auka volum og forbrukaroppleving av norske pærer
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
I pære er produksjonen desimert dei siste 25 åra. Dei siste 10 åra har produksjonen variert mellom 600 og
200 tonn, og er framleis minkande (Fig 1). Importen av pære er om lag 20.000 tonn, så gjennomsnittleg
vert det selt kring 400 tonn pære kvar veke. Den norske produksjonen dekkar ikkje meir enn forbruket ei
halv veke, eller ¼ norsk pære pr. innbyggjar. Importpærene dominerer også i den norske sesongen frå
september til november, og har teke aukande marknadsdeler dei siste åra. Eple- og pæreproduksjonen er
lokalisert i landskap som er kjende for fruktblomstring, og trekkjer årleg til seg turistar.
Pæreomsetnaden i Sognefrukt har, på same vis som norsk pæreproduksjon samla sett, gått dramatisk
ned i seinare år på grunn av endringar i marknaden. Dei sortane som har vore dyrka er ikkje lengre
etterspurde. Bama har signalisert interesse for den nye norske pæresorten Celina, og det gir nye
kommersielle mogelegheiter for produsentane, Sognefrukt og dei andre partnarane som er med i
prosjektet.
Prosjektet sin overordna idé er å gjera nye norske pærer attraktive og tilgjengelege i
marknaden i minimum 8 veker om hausten. Dette skal skje gjennom å utnytta og vidareutvikle dei
mogelegheitene som ligg i nye norske pæresortar, med særleg vekt på Celina som også er på veg til å
få fotfeste i den internasjonale marknaden.
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
Prosjektet vart innvilga av programstyret i Bionær sitt møte den 5. desember 2014
|
Sektor:
Næringslivet, FoU
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2014
|
År godkjent:
|
2014
|
År oppstarta:
|
2015
|
|
|
|
Internasjonal status:
aktivitetar, deltaking
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
|
|
|
|
|
Den nye norske pæresorten Celina gir stort potensiale for vekst i norsk og internasjonal pæreproduksjon
|