|
|
ID:
1696
|
Akronym:
2013fp Rapporteringskrav mot kommunane
|
Tittel:
232900 Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt
|
|
Heimeside:
www.sfj.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Om prosjektet på fylkeskommunen si nettside
200 000 kroner til forskingsprosjekt om rapporteringskrava mot kommunane
Fylkeskommunen, Fylkesmannen, NAV og KS – alle Sogn og
Fjordane – har fått 200 000 kroner frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet. Pengane skal gå til FoU-prosjektet «Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt».
Dei fire initiativtakarane startar no eit forprosjekt som ser nærare på omfanget, nytten og relevansen i dei statlege rapporteringskrava som kommunane møter. Ambisjonen er å få gjennomført eit større hovudprosjekt i 2014.
Mål om nasjonal nytte
Målet er å få til fornying og effektivisering i dagens rapporteringsregime, og ambisjonen er at prosjektet skal ha nasjonal samfunnsnytte. Samarbeidspartane vil ta utgangspunkt i kommunenivået.
– Dette er eit nedanfrå-og-opp-prosjekt. Det betyr at vi skal kartleggje og forstå rapporteringskrava frå ståstaden til kommunane. Tidlegare og eksisterande oversikter over rapporteringskrav har ofte hatt ei ovanfrå-og-ned-tilnærming. Vi fyller ut dette biletet ved å sjå på omfang, relevans og nytte frå kommunane sitt eige perspektiv, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, som er leiar for styringsgruppa for prosjektet.
Innovasjon i offentleg sektor
Initiativtakarane har også ein ambisjon om å finne strategiar for korleis kommunane kan få ei mindre eller enklare rapporteringsbør. Det er viktig at prosjektet føreslår modellar som gjev ein meir effektiv bruk av dei kommunale ressursane og ei betre utveksling av styringsinformasjon mellom staten
og kommunane.
– Vi ønskjer å nytte forsking for å bidra til innovasjon i offentleg
sektor. I dette tilfellet er det for å bringe fram nye og betre løysingar knytt til rapportering og styring av offentleg administrasjon og tenesteproduksjon, seier Eriksen.
Dei fire initiativtakarane har fått med seg Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane til å gjennomføre prosjektet. Partane legg sjølve inn ei eigenfinansiering på til saman 135 000 kroner, slik at forprosjektet som no startar har ei ramme på 335 000 kroner. Samarbeidspartane får pengane frå Regionalt forskingsfond Vestlandet som kvalifiseringsstøtte.
For meir informasjon:
Tore Eriksen, fylkesrådmann
e-post: tore.eriksen@sfj.no
tlf. 415 30 932
Ole I. Gjerald, seniorrådgjevar
e-post: ole.i.gjerald@sfj.no
tlf. 408 57 025
|
Strategi:
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2013
|
År godkjent:
|
2013
|
År oppstarta:
|
2013
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
rffvfp2013 offentleg prosjekt 232900 Sogn og Fjordane fylkeskommune rffvprosjektsf rffv fou
|
|
|
|
|
Prosjekt: 232900
Prosjektleiar:
Oddbjørn Bukve
Høgskulen Sogn og Fjordane
Prosjektansvarleg:
Tore Eriksen
Sogn og Fjordane fylkeskommune
|