|
Program
Forankring: Sogn og Fjordane - langsiktige satsingar > Reiseliv i Sogn og Fjordane til 2010 > Destinasjonsutvikling
|
|
|
|
ID:
782
|
Akronym:
Destinasjonsutvikling
|
Tittel:
Utvikling av regionale reisemål i Sogn og Fjordane - planar og status
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
I Sogn og Fjordane var det i 2007 8 destinasjonsselskap, eller reisemålselskap. Dette er:
1. Aurland og Lærdal Reiselivslag
2. Årdal Arrangement
3. Reisemål Sogndal og Luster
4. Sognefjord Reiseliv BA (Leikanger, Balestrand og Vik)
5. Jensbua (Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Hyllestad)
6. Reisemål Sunnfjord (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Høyanger)
7. Vestkysten Reiseliv (Flora og Bremanger)
8. Reisemål Nordfjord (Eid, Stryn, Hornindal, Gloppen, Vågsøy, Selje)
På kysten har Jensbua, Vestkystem og Reisemål Stryn og Nordfjord gått saman om "Fjorkysten", som felles organ for marknadsføring og profilering.
I midtre og indre Sogn har dei 4 destinasjonsselskapa gått saman i eit tilsvarande organ, "Visit Sognefjord"
Frå fylkesplanen 2005-2008, har arbeidsgruppa for nye næringar og tenester skrive:
Destinasjonsutvikling skjer i eit samspel mellom verksemdene, destinasjonsselskapet og det offentlege om å utvikle, informere om og marknadsføre eit heilskapeleg tilbod om service, aktivitetar og attraksjonar i området.
Dette krev kompetanse om dei ulike ”marknadane” lokalt, nasjonalt og internasjonalt og aktørane har ulike roller. (Syner til avklarande vedlegg Reiseliv, Destinasjonsutvikling). I Sogn og Fjordane har ein sidan 1996 nytta destinasjonsselskapa til å ta seg av og kvalitetssikra dette arbeidet.
Destinasjonsselskapet er ein samlande faktor som ser marknaden sine behov og løyser fellesoppgåver som er viktige for reisemålet si totale utvikling. Ofte tek ikkje andre ansvar for slike oppgåver som turistinformasjon og produktutvikling (døme: turstiar, arrangement, produktpakkar, rundreiser med aktivitetar).
Reiselivsverksemdene utviklar sine tilbod basert på eigne strategiar der verksemda sine mål om inntening er i fokus. I mange tilfelle vil dette også føre til at destinasjonen vert utvikla fordi gode bedrifter får høgre standard eller eit nytt tilbod. Det offentlege er sjølvsagt også viktige for ei god destinasjonsutvikling fordi rammevilkåra for den totale utviklinga skjer her.
Arbeidsgruppa ser føre seg at det er tenleg å skaffe kunnskap til lokale aktørar om kjøpskriteria for cruiseoperatørar. Dette kan vere ei oppgåve for destinasjonsselskapa.
Destinasjonsselskapa svarar på 4 spørsmål om destinasjonsutvikling på denne måten:
1. Kva legg de i ordet "destinasjonsutvikling".
Utvikle, informere om og marknadsføre eit heilskapeleg tilbod i destinasjonen.
2. Kva er det naturleg at destinasjonsselskapet tek ansvar for i høve destinasjonsutvikling?
Fellesoppgåver som ikkje vert ivaretekne av andre aktørar.
3. Kva er det naturleg at destinasjonsselskapet ikkje tek ansvar i høve destinasjonsutvikling?
Reine forvaltningsoppgåver, næringspolitiske oppgåver og oppgåver som klart høyrer heime på bedriftsnivå.
4. Korleis vil de beskriva destinasjonsselskapet si rolle i høve destinasjonsutvikling?
Som ein samlande faktor som ser behova frå marknaden om kva slags fellesoppgåver som til ei kvar tid er viktigast å løyse. Fokusere på dei oppgåvene som gjer at destinasjonen skal utvikle seg og vere attraktiv i marknaden.
|
Strategi:
For å få offentlege midlar må destinasjonsselskapa kvart år innan 1. januar, eller etter avtale, senda inn sine handlingsplanar for det komande året.
Handlingsplanane skal ta høgde for kvar av destinasjonsselskapa sine oppgåver knytt til avtalen med fylkeskommunen.
Handlingsplanane vil bli lagra under dokumentarkivet til kvart destinasjonsselskap som lukka dokument. Du må då ha lesetilgong (brukarnamn og passord) til denne prosessen, for å lesa dokumenta.
Under sjølve prosessen vil ein definera destinasjonsselskapa sine langsiktige planar og strategiar.
Fylkeskommunen si sterke satsing på destinasjonsselskapa, kan ha gått ut over koordineringa av dei fylkesdekkande reiselivstiltaka. Sogn og Fjordane Reiselivsråd (SFR) har heller ikkje same tyngde som dei hadde tidlegare.
Arbeidsgruppa meinar at dei mange fylkesdekkande tiltaka i regi av offentlege institusjonar, som rettar seg mot reiselivet, har bruk for ei koordinering. Arbeidsgruppa meinar at SFR sin rolle må styrkast i den same prosessen.
Bruk av RUP-Norge er eit viktig tiltak for å koordinera prosessar og aktørar i fylket.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Næringslivet, Turistane
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
1996
|
År godkjent:
|
1996
|
År oppstarta:
|
1997
|
|
|
|
Internasjonal status:
målgrupper
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
reiselivsf
|
|
|
|
|
|
|