|
|
ID:
763
|
Akronym:
VestMarin - Vestlandssamarbeidet - Marin satsing
|
Tittel:
Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar
|
|
Heimeside:
www.vestlandsraadet.no
|
Bakgrunn og utfordringar:
Samarbeidet starta opp i 2007 som eit samarbeide innan nye marine artar i oppdrett. Dette vart utvida til eit samarbeide innan marin næringsutviking frå 2014, og skifta då namn frå Vestlandsprogrammet til VestMarin.
Vestlandsrådet utførte i 2004 ei analyse av status innan næringsutvikling av nye artar og offentlege verkemiddel. Denne bekrefta avgrensa tilgang til eigenkapital og at eksisterande virkemidel ikkje var tilpassa behovet for desse næringsaktørane. I januar 2005 starta Vestlandsrådet arbeidet med å utvikle eit program for ei fylkesovergripande satsing på nye marine artar og forprosjektet til ”Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar” sett i gong hausten 2005. Vestlandsrådet gjorde vedtak om oppstart av Vestlands-programmet for nye oppdrettsartar i desember 2006. Vedtaket omfatta korleis arbeidet med gjennomføringa av programmet skal organiserast og tiltak knyta til arbeidet med finansierings-ordningar. Tiltak knyta til tre andre hovudtema vart handsama av Vestlandsrådet i mars 2007. Under arbeidet med gjennomføringa av Vestlandsprogrammet vert det lagt vekt på å involvere næringa. Ein søker også å spesifisere dei politiske problemstillingane innan fagfeltet og aktivt innarbeide planar for det politiske arbeidet i handlingsplanen. Vestlandsprogrammet omfattar artane torsk, kveite, blåskjel, kamskjel, flatøsters, kråkebolle og hummar. Vestlandsprogrammet vil ha eit langsiktig tidsperspektiv over 10-12 år. Rullering av strategi og handlingsplanar finn stad jamleg.
|
Strategi:
Satse systematisk på utvalte nye marine artar Utvikle betre, og ta i bruk eksisterande, finansieringsordningar Sikre oppbygging av kompetanse Stø opp under utvikling av effektive verktøy for arealplanlegging Gjennomføre eit effektivt påverknadsarbeid mot sentrale styresmaktar Tettare samarbeid med VRI Aktiv dialog med bedrifter og bedriftsnettverk innan nye marine artar Samhandling og samarbeid i virkemiddelapparatet Etablere internasjonal kontaktflate Implementering av eksisterande kunnskap i bedriftene
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Næringslivet, Miljø, FoU, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2006
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2007
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
vp-nye artar
|