|
|
ID:
635
|
Akronym:
Fornying av offentleg sektor og IKT
|
Tittel:
Program fornying av offentleg sektor og IKT i Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Fylkestinget vedtok Fylkesplanen 2005 – 2008, Vegen vidare for Sogn og Fjordane den 9. juni 2004. Hausten 2004 vedtok Fylkesutvalet ei oppfølging kalla ”Frå plan til handling” og oppnemnde sju arbeidsgrupper med definerte satsingsområde som fekk i oppgåve å konkretisere mål, strategiar og forventa resultat.
Desse sju satsingsområda var:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn, og bruk og vern
- Havbruk og fiske
- Nye næringar / tenester
- Folkehelse og livsutfalding
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd.
Programmet for Fornying av offentleg sektor og IKT skal vere ein arena for koordinering og samarbeid mellom nært beslekta utviklingsarbeid. Offentleg sektor i Sogn og Fjordane har mange utfordringar, men oversynet over prosjekt og aktivitetar knytt til omstilling og fornying, viser vilje til å ta tak i utfordringane. Ei viktig oppgåve for programstyret vert å skaffe seg oversyn og leggje til rette for formidling og læring mellom verksemder i omstilling.
Programstyret vil samstundes arbeide for å posisjonere i fylket i nasjonale program og satsingar, og få fram større samarbeidsprosjekt. Arbeidet i programstyret vil bli kopla mot dei samarbeidsfora og arenaer som alt eksisterer, som IT-forum og regionråda.
|
Strategi:
Programmet for Fornying av offentleg sektor og IKT har desse strategiane:
- samordne bruken av midlane
- støtte opp under samarbeidstiltak i offentleg sektor
- bruke kommunesamarbeida aktivt
- skape nettverk og arenaer for erfaringsutveksling og læring i sektoren
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
Organ: Fylkesutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune Møtedato: 14.12.2005 Arkivsak: 04/3616 L.nr. 22855/05 Sak: 122/05 Tittel: Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane
|
Sektor:
Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2005
|
År godkjent:
|
2005
|
År oppstarta:
|
2006
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
fornying, offentleg sektor, ikt,
|