|
|
ID:
631
|
Akronym:
Opplevingsnæringar
|
Tittel:
Program opplevingsnæringar i Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Fylkestinget vedtok Fylkesplanen 2005 – 2008, Vegen vidare for Sogn og Fjordane den 9. juni 2004. Hausten 2004 vedtok Fylkesutvalet ei oppfølging kalla ”Frå plan til handling” og oppnemnde sju arbeidsgrupper med definerte satsingsområde som fekk i oppgåve å konkretisere mål, strategiar og forventa resultat.
Desse sju satsingsområda var:
- Industri
- Småskala næringar og lokalsamfunn, og bruk og vern
- Havbruk og fiske
- Nye næringar / tenester
- Folkehelse og livsutfalding
- Ungdom
- Folkestyre og medverknad. Offentleg verksemd.
Arbeidsgruppene la fram sine tilrådingar i form av rapportar juli 2005. Fylkesplanen og rapportane ligg på FK sine nettsider.
Program ”opplevingsnæringar” er avleidd av desse satsingsområda. Programmet skal vurdera strategiar og forslag frå dei ulike satsingsområda, om desse kan ha noko føre seg i høve opplevingsnæringar.
I fleire av satsingsområda har ein lagt vekt på å få fram tiltak som kan vera med å utvikla den einskilde bedrift (produksjonsmåtar, produkt, verdikjeda, etc.), men også eksterne rammevilkår ( infrastruktur, lover, reglar, tilskot, skular, etc..) og utvikling av fellestiltak (organisasjonar, nettverk, marknadsføring, destinasjonsutvikling, etc..).
|
Strategi:
Utlysing av midlar
Programstyret sin hovudstrategi har vore å lysa ut midlar til gode tiltak, som fører til måloppnåing i programmet, ein gong pr. år. Utlysinga har som oftast vore tidleg i mars, med søknadsfrist i april.
Grunngjevinga for denne strategien er at programstyret fyrst prøvde på eiga hand å finne ut kva tiltak ein skulle etablera, og fann at dei ikkje hadde den kunnskapen om opplevingsnæringane dei måtte ha for å ta ansvar for tiltaka.
Programstyret meinte at mangfaldet innan ei ny satsing som opplevingsnæringar, berre kunna hentast fram gjennom utlysingar.
Om "omlaupstida" for programmet hadde vore lengre frå starten, ville truleg denne strategien vorte kombinert med tiltak utvikla av programstyret i tillegg.
I 2006 vart søknader som allereie var komne inn til verkemiddelapparatet handsama i staden.
Ein har spissa utlysinga til å gjelde opplevingsbedrifter innan mat, natur og kultur
Prioriteringar av tiltak
Programstyret har hatt følgjande prioriteringar når det gjeld tildeling av økonomiske midlar:
- Konkret og synleg verknad framfor utgreiingar og generelle prosjekt.
- Mest mogeleg oppleving pr krone.
- Må ha konkret effekt for næringslivet og/eller stor verdi for lokalsamfunnet.
- Unngå saker og tiltak som naturleg høyrer heime hjå andre finansieringskjelder.
- Unngå store saker som Programstyret ikkje har tilstrekkeleg økonomisk ramme til.
Arbeidet i programstyret
Programstyret har hatt som mål å fortløpande evaluera tiltaka som får støtte gjennom rapporteringar, for utvikling av programarbeidet.
Programstyret og dei som får tilskot skal bruke RUP-Norge ( www.rup.no) som verkty for dynamisk rapportering på nettet.
Programstyret har hatt som mål å lage møteplassar for erfaringsutveksling mellom bedrifter og organisasjonar som driv med opplevingsnæringar.
Programstyret har drive kontinuerleg utvikling av metodikk knytt til utlysing, vurdering av søknader og rapportering, og meinar sjølve å ha kome fram til gode løysingar.
|
Status:
Avslutta
|
Vedtak:
Organ: Fylkesutvalet Sogn og Fjordane fylkeskommune Møtedato: 14.12.2005 Arkivsak: 04/3616 L.nr. 22855/05 Sak: 122/05 Tittel: Felles regionalt utviklingsprogram for Sogn og Fjordane
Organ: Hovudutval for plan og næring Møtedato: 20.06.2006 Arkivsak: 06/2929 Sak: 31/06 Tittel: Budsjettdisponering 2006 - programplanar
|
Sektor:
Innbyggjarane, Kulturarven, Naturarven, Næringslivet, Turistane, Ungdom, Miljø
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2005
|
År godkjent:
|
2006
|
År oppstarta:
|
2006
|
År avslutta:
|
2010
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
Sogn og Fjordane
|
Kode og nøkkelord:
opplevingsnæringar, oppleving, explore, reiseliv, turisme, helse, sport, fritid, opplevsf
|
|
|
|
|
Sogn og Fjordane
|