Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program

FN 02 Utrydda svolt


Forankring: Vestland fylke > 00 Berekraft Vestland > FN 02 Utrydda svolt
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1922
Akronym:   
FN 02 Utrydda svolt
Tittel:
FN berekraftmål 02 - Utrydda svolt
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
"Utrydda svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremja berekraftig landbruk"

Sjølv om tal menneskje som lever i kronisk svolt er svært høgt, har andelen gått ned frå 23,3 prosent i 1990-92 til 12,9 prosent i 2014-2016. 821 millionar menneskje er ramma av svolt, medan nesten 2 milliardar opplever manglande matsikkerheit i periodar. Det er på tide å tenkje nytt om måten vi dyrkar, fordelar og brukar maten vår. Om vi gjer det på rett måte, kan jordbruk, skog og fisk syta for næringsrik mat til alle, og samtidig vere ei viktig inntektskjelde for mange.
Strategi:
Berekraftmål 1 har 8 delmål. Strategien er å etablera eit delprogram for kvart prioritert delmål i Vestland fylke. 

Kvart delprogram vil ha ein programansvarleg (PA), ein programleiar (PL) og ei arbeidsgruppe (AG)/styringsgruppe (SG). Vidare vil kvart delprogram få tildelt oppdrag, ressursar og føringar.


DELMÅL
2.1) Innan 2030 utrydda svolt og sikra alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, mellom andre spedbarn, tilgang til trygg, ernæringsmessig fullgod og nok mat heile året.

2.2) Innan 2030 utrydda alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemming og avmagring hjå barn under fem år, saman med å taka vare på ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande mødre og eldre personer.

2.3) Innan 2030 dobla produktiviteten og inntektene til småskalaprodusentar i landbruket, særleg kvinner, urfolk, drivarar av familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, blant anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmidlar, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke samt sysselsetting utanfor landbruket.

2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføra robuste landbruksmetodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å oppretthalda økosystema og styrka evna til tilpassing til klimaendringar, ekstremver, tørke, flaum og andre katastrofar og som gradvis fører til betre jordkvalitet.

2.5) Innan 2020 oppretthalda det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter og husdyr, i tillegg til ville arter i slekt, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantelagre nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremja tilgang og rettferdig fordeling av dei gode som følgjer av slike genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje.

2.a) Auka investeringane, mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid, i infrastruktur på landsbygda, forsking og rådgjevingstenester innanfor landbruket, teknologiutvikling og oppretting av genbankar for planter og husdyr, med sikte på å forbetra produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, spesielt i dei minst utvikla landi.

2.b) Korrigera og hindra handelavgrensingar og handelsvridingar på verdas landbruksmarknader, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og all eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden.

2.c) Vedta tiltak for å sikre at marknadane for matvarer og bioprodukt verkar etter sin hensikt, og legge til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å bidra til å avgrensa ekstreme svingingar i matvareprisane.

Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2020
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Delprogram

Ingen registrerte

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune