Språk:
VEL OMRÅDE
 INNLOGGING
E-post:
 
Passord:
 
   Gløymt passord?
   Registrer deg

RSS

Program

FN 01 Utrydda fattigdom


Forankring: Vestland fylke > 00 Berekraft Vestland > FN 01 Utrydda fattigdom
Skildring Mål og resultat Plan og framdrift Ansvar og deltaking
Økonomi Dokumentarkiv    

Skildring

Statusrapport
Rapport
ID:
1921
Akronym:   
FN 01 Utrydda fattigdom
Tittel:
FN berekraftmål 01: Utrydda fattigdom
Heimeside:

Bakgrunn og utfordringar
:
"Utrydda alle former for fattigdom i heile verda"

 
I 1990 levde 36 prosent av verdas innbyggjarar i ekstrem fattigdom. Sidan den gong har mengda av ekstremt fattige vorte meir enn halvert. 767 millionar menneskjer lever i dag under fattigdomsgrensa på 1,90 dollar dagen. Ekstrem fattigdom skal utryddast innan 2030. For å få slutt på fattigdommen må økonomisk vekst vera inkluderande og fordelast jamnare mellom land og innbyggjarar. Veksten må skape berekraftige jobbar, og gje like moglegheiter til alle.

Strategi:
Berekraftmål 1 har 7 delmål. Strategien er å etablera eit delprogram for kvart prioritert delmål i Vestland fylke. 

Kvart delprogram vil ha ein programansvarleg (PA), ein programleiar (PL) og ei arbeidsgruppe (AG)/styringsgruppe (SG). Vidare vil kvart delprogram få tildelt oppdrag, ressursar og føringar.


DELMÅL
1.1) Innan 2030 utrydda all ekstrem fattigdom, for tida målt til under 1,90 dollar om dagen å leve for.

1.2) Innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar, minst halvera del menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom.

1.3) Innføra nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og minimumsstandardar, og innan 2030 nå dei fleste fattige og sårbare.

1.4) Innan 2030 sikre at alle kvinner og menn, særleg fattige og sårbare personer, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, eigarskap til og kontroll over jord og annan form for eigedom, arv, naturressursar, teknologi og finansielle tenester inkludert mikrofinansiering.

1.5) Innan 2030 bygge opp motstandskrafta til fattige og personer i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstreme hendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar.

1.b) Sikra ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kilder, mellom anna gjennom auka utviklingssamarbeid, for å gi utviklingslanda, særlig dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege verkemiddel til å gjennomføre program og politikk med sikte på å utrydde alle former for fattigdom.

1.a) Oppretta gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og som tek i vare kjønnsperspektivet, med sikte på å framskunda investeringar i tiltak for å få slutt på fattigdom.
Status:
Åpent forslag
Vedtak:
Sektor:
Tidfesting av statusendringar:
År forslag 2020
Internasjonal status:
Verkemiddel område:
Kode og nøkkelord:

Delprogram

FN 1.1: Utrydda ekstrem fattigdom
FN 1.2: Halvering fattigdom

Prosjekt

Ingen registrerte

Tiltak

Ingen registrerte

Meldingar

Ingen registrerte

Aktivitetar

Ingen registrerte

Rapportar

Ingen registrerte

Kalender

Ingen registrerte
Vest-Norges Brusselkontor Sogn og Fjordane Fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Hordaland Fylkeskommune