|
|
ID:
1748
|
Akronym:
2. Rekruttering og kompetanse i sjømatnæringa
|
Tittel:
Program: Rekruttering og kompetanse i sjømatnæringa i Sogn og Fjordane
|
|
Heimeside:
|
Bakgrunn og utfordringar:
Rekrutteringa til dei marine næringane (fiskeri og havbruk) har gjennom fleire år vore mykje lågare enn det marint næringsliv i fylket har trong for framover. Næringane etterspør rekruttering innan ei stor breidde kompetanse. Det siste året har søkjartala steget, m.a. som ei følgje av nedgang i oljeleitingsaktiviteten. Det er likevel viktig å utvikle ei opplæring som er i tråd med næringa sine behov, og syte for at kvaliteten op opplæringstilbodet er høgt.
Dette programmet vil i første rekke rette sin aktivitet mot praktisk og teoretisk fagkompetanse som fiskeri- og oppdrettsnæringa har trong for.
|
Strategi:
"Rekruttering og kompetanse innan sjømatnæringane" er organisert som ei programsatsing der partnarskapen skal stå sentralt. Arbeidet vil vere konsentrert mot to målgruppar:
1) Elever ved Måløy vidaregåande skule - ved å utvikle eit mest mogleg attraktivt studieopplegg for marine fag for Vg1 og Vg 2 og TAF.
Ansvarleg: Lena Søderholm, NKA
2) Måløy Marine Kompetansesenter - Kompetanseheving for tilsette i oppdrattsnæringa i fylket gjenom å kartlegge og bidra til å få på plass kompetanse-hevande tiltak i samsvar med næringa sine ynskjer.
Ansvarleg: Frode Hovland, NKA
Innan kvart innsatsområde vil vi organisere eigne delprogramgrupper for planlegging og gjennomføring av tiltak.
|
Status:
Oppstarta
|
Vedtak:
|
Sektor:
Innbyggjarane, Næringslivet, Ungdom, Offentleg
|
Tidfesting av statusendringar:
År forslag:
|
2013
|
|
|
År oppstarta:
|
2015
|
|
|
|
Internasjonal status:
|
Verkemiddel område:
|
Kode og nøkkelord:
sjømatnæringa Undervisningskonsesjon
|