Målsetjinga er å få til eit berekraftig reiseliv med omsyn på miljø, lokal eigenart og lokal verdiskaping, samstundes som næringa oppnår høg verdiskaping.
Fylkeskommunen skal vera ansvarleg verkemiddelaktør for berekraftprogrammet. Dette programmet skal sikra at reiselivsnæringa er berekraftig i eit samfunnsperspektiv.
Berekraftprogrammet skal ha eit tett samarbeid med aktørprogrammet og infrastrukturprogrammet, og hjelpe desse programma og dei respektive delprogramma til å drive berekraftig.
Det er eit mål å få på plass fleire berekraftmål gjennom situasjonsanalysar i fylket. Gjennom desse analysane vil ein identifisera dei viktigaste berekraftutfordringane. Det er også ei utfordring å finne samanhengar mellom berekraftmåla, og måla om auka verdiskaping, slik at ein kan oppnå auka verdiskaping og eit berekraftig reiseliv på same tid. Det er fem tilrådde fokusområde:
- Den lokale miljøbelastninga frå reiselivsnæringa i fylket.
- Den globale miljøbelastninga frå reiselivsnæringa i fylket.
- Den lokale eigenarten ved reiselivet i fylket.
- Den lokale verdiskaping (overrislingseffekten).
- Ressursgrunnlaget for den miljøbaserte reiselivsutviklinga.
I dette programmet er det viktig å få til god samordning med dei to andre programma. Berekraftprogrammet vil i fyrste omgang bli etablert som eit prosjekt, som grunnlag for ei framtidig programorganisering.