Ein har identifisert desse utfordringane og suksesskriteria:
Utvikle kompetansen hos skuleleiarane innanfor leiing og organisasjon
Endringar i kommunal organisering og aukande krav til endring og styring av skulen inneber at skuleleiarane får ein nøkkelrolle. Det vert viktig å sette skuleleiarane i stand til å drive endringsleiing i lærande organisasjonar, og det vert viktig at dei har blikk for dei samfunnsmessige utfordringane som skulen kan bidra til at regionen møter.
Ut frå dette ser ein det som avgjerande med høg prioritering av eit program for kompetanse-utvikling for skuleleierane.
Kommunen som skuleeigar – sjå skuleutvikling i samanheng med samfunnsutviklinga
Stikkord her er m.a.
- kunnskap om skulen på politisk nivå og hos administrativ leiing
- fornuftig tilretteleggjing/utnytting av programfag for val
- satsing på entreprenørskap
Det er viktig at elevane ser at det er mogeleg å få ei utdanning som kan føre dei inn i arbeidslivet i Sogn, og det er viktig at vi dyktiggjer elevane i høve til å kunne starte eigen verksemd. Det er fyrst gjennom å samle seg om fellestiltak at vi kan få til noko med kvalitet og som monner på desse områda, der det og er ein viktig føresetnad med samarbeid med vidaregåande skular, næringslivet og andre instansar.
Koordinere aktivitet i fagnettverk og sikre at dette arbeidet er forpliktande og målstyrt
Det er viktig å oppretthalde og bygge vidare på den strukturen og kompetansen som er etablert gjennom arbeid i fagnettverk i regionen. Dette har vore ein suksess, og det er ingen grunn til å endre vesentleg på strategien i høve til dette.