Arbeidsgruppa for"Småskala næringar/lokalsamfunn og bruk/vern" har levert sin sluttrapport.
Gruppa har hatt brei samansetting: Bygdeutviklingslag, Naturvernforbundet, næringsstovene, Småbrukarlaget, Bondelaget, kommunane, Innovasjon Norge, fylkesmannen og fylkeskommunen. Fylkesvaraordførar Tor Bremer har leia arbeidet.
Last ned rapporten (Microsoft Word dokument)
"Det er berekraftig i seg sjølv å bu spreiddbygd, i levande og robuste bygder og tettstader" heiter det i fylkesplanen 2005-2008 - Vegen vidare for Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane har vi vi ein spreidd busetnadsstruktur med mange små livskraftige lokalsamfunn. Men i ei tid då mange kommunar og lokalsamfunn i vårt fylke opplever fråflytting og nedskjæringar i det offentlege velferdstilbodet er det viktig å utvikle strategiar og tiltak som kan vidareutvikle desse samfunna og demme opp for sentraliseringskreftene.